Har booka fem treningskampar
Sjå kven Lysekloster skal møta i vinter.
Terminlista blir i dag diskutert og justert i Oslo, og oppkøyringa til 2019-sesongen er i gang.
Før seriestart 13. april, der Lysekloster speler borte mot Brann 2, har «Munkene» plan om åtte treningskampar.
– Vi prøver å få til ein treningsleir i slutten av februar eller starten på mars, i så fall har vi mål om å spela to kampar den veka, seier trenar Ruben Hetlevik.
Heime på Vestlandet har han til no ordna fem treningskampar:
Laurdag 2. februar: Lysekloster - Sandviken
Laurdag 9. februar: Vidar - Lysekloster
Laurdag 16. februar: Lysekloster - Brann 2
Laurdag 16. mars: Lysekloster - Fyllingsdalen
Laurdag 30. mars: Åsane (uvisst om heime/borte)
I tillegg ønskjer Lysekloster ein generalprøve 6. april, men her er førebels ikkje motstandar bestemt.
– Vi får på papiret litt lettare motstand i første treningskamp, men Sandviken har ambisjonar om opprykk til 3. divisjon og vil nok jobba hardt for å gi oss kamp. Elles har vi prøvd å få matching frå toppen av 3. divisjon og oppover.
– Brann 2 og Fyllingsdalen gav oss god motstand i serien i fjor, treningskamp mot Vidar frå 2. divisjon blei ei god oppleving førre vinter og Åsane, som i haust rykte ned frå OBOS bør gi oss ein god smak på høgare nivå.
Lysekloster sin første heimekamp for sesongen går mot Djerv 1919 22. april, med mindre noko blir endra på terminlistemøte i Oslo i dag.
I år blir det òg to lokaloppgjer i serien:
Os - Lysekloster: 27. april (3. serierunde)
Lysekloster - Os: 26. oktober (26. og siste serierunde)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.