Lokal | 26. mai 2019

Har du fått med deg dette?

Stenger Ulvenvegen to netter (retta).

Har du fått med deg dette?
Ulvenvegen blir stengt frå måndag kveld til onsdag morgon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. mai 2019 19:49

Bildeserie:

Vi reknar med at det er her vegen blir stengt. (Foto: KVB)
Vi reknar med at det er her vegen blir stengt. (Foto: KVB)
Ein vassleidning skal førast i land og kryssa vegen. (Foto: KVB)
Ein vassleidning skal førast i land og kryssa vegen. (Foto: KVB)
Kart: vegvesen.no
Kart: vegvesen.no
Leidningen blei produsert i Sigurdsvikjo i april og lagt ut i Ulvenvatnet. (Foto: KVB)
Leidningen blei produsert i Sigurdsvikjo i april og lagt ut i Ulvenvatnet. (Foto: KVB)
1 av 4

Statens vegvesen stenger fylkesveg 160 Ulvenvegen for gjennomkøyring to netter.

Vegen blir stengt mellom Strønevegen (Irgenskrysset) og Lyseklostervegen.

Midtsiden har ikkje fått varsel om stenginga, den er ved første augekast heller ikkje å finna på oskommune.no.

Vi reknar med at årsaka er ilandføring og kryssing av veg med den kommunale vassleidningen som har blitt produsert (og balansert på) i Sigurdsvikjo frå starten på april.

Også ut frå merking kart, med oversikt over trafikkvarsel på vegvesen.no, kan det sjå ut som om det er nær krysset mellom Ulvenvegen og Lyseklostervegen at stenginga kjem.

Vegen blir nattestengt frå klokka 22 til 05.30 natt til tysdag 28. og onsdag 29. mai.

OPPDATERT/RETTA: Vegen er ikkje stengt på dagtid tysdag, sånn det kan sjå ut på skilt og vegvesenet sitt kart.

Omkøyring er via Halhjemsvegen.

Bussar vil gå som normalt, utrykkingskøyretøy får passera også i perioden vegen er stengt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.