Lokal | 28. mai 2016

– Har du fått oppdrettslaks i garnet?

Ber om tips etter lakserømming: – Spesielt tida fram til fisket startar 15. juni er sårbart, seier Roald Helle.

– Har du fått oppdrettslaks i garnet?
Roald Helle på Osbrua, ein fin stad å speida etter laks. No ber Helle om tips om du ser oppdrettslaks på veg til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. mai 2016 06:09

Tysdag 24. mai rømte 36.700 laks frå Lingalaks sitt anlegg ved Varaldsøy i Hardangerfjorden. Den rømte fiske er på rundt 4,5 kilo med variasjonar frå 3 til 6 kilo.

No fryktar Roald Helle, formann i Osvassdragets forvaltningslag (samanslåing av grunneigarlaget og fagrådet), at noko av den rømte laksen skal koma til Bjørnafjorden og Oselvo.

– Det er ikkje lange vegen opp Lukksund. Om laksen kjem til Os ønskjer vi å veta det så tidlegs om mogleg så vi, i samråd med Fylkesmannen, kan iversetja tiltak.

Om du får fisk som kan vera oppdrettslaks på kroken eller i garnet kan du kontakta Helle på 997 92 985.

Sesongen i Oselvo startar 15. juni i år.

– Frå fisket startar har vi grei kontroll, då er det folk langs elva heile døgnet.

– Vi veit ikkje kva veg laksen tar, han kan like gjerne gå mot Etne no og koma til Os i oktober, men om han kjem før 15. juni er det spesielt viktig at vi får veta det tidleg.

Store variasjonar

Mengda oppdrettslaks i Oselvo varierer mykje, frå 5 prosent til 59 prosent, som rekordåret 2014.

– I 2015 gjekk talet heldigvis ned, då var det 17 prosent i sesongen, men 50 prosent under prøvefisket på hausten.

Det blei tatt 511 villaks førre sesong mot 324 året før.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.