Lokal | 29. nov. 2016

Har du sett lyset?

I rundt ei veke har det vore arbeidslys frå Liafjellet. Vi har vore oppe og sett nærmare på det som skal bli ei 150 meter lang sjakt.

Har du sett lyset?
Den siste veka har det vore eit kraftig lys frå skogen på nordsida av Liafjellet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. nov. 2016 10:20

Bildeserie:

Det går no 1 km med veg frå Moberg og opp til der lufteholet kjem. (Foto: KVB)
Det går no 1 km med veg frå Moberg og opp til der lufteholet kjem. (Foto: KVB)
Her står ein rigg som nett har byrja å bora på den 150 meter lange sjakta. (Foto: KVB)
Her står ein rigg som nett har byrja å bora på den 150 meter lange sjakta. (Foto: KVB)
Veidekke har hyra inn eit eksternt selskap til jobben. (Foto: KVB)
Veidekke har hyra inn eit eksternt selskap til jobben. (Foto: KVB)
Borestrengane ligg stabla, med krane til å løfta dei på plass. (Foto: KVB)
Borestrengane ligg stabla, med krane til å løfta dei på plass. (Foto: KVB)
Borekrona. (Foto: KVB)
Borekrona. (Foto: KVB)
Denne blir fylt frå Ulvenvatnet for å få nok trykk. (Foto: KVB)
Denne blir fylt frå Ulvenvatnet for å få nok trykk. (Foto: KVB)
Formann Dag Nessæther tok oss med til fjells. (Foto: KVB)
Formann Dag Nessæther tok oss med til fjells. (Foto: KVB)
Den eine turvegen til Liafjellet blei stengt 5. oktober. (Foto: KVB)
Den eine turvegen til Liafjellet blei stengt 5. oktober. (Foto: KVB)
1 av 8

Ettermiddag og kveld har det vore eit kraftig lys frå skogen på nordsida av Liafjellet. Årsaka er at ein borerigg har kome på plass i terrenget.

– Det er her lufteholet til avlaupsreinseanlegget kjem. Dei er akkurat i gang med å bora den 150 meter lange sjakta ned til reinsanlegget, fortel prosjektleiar Johannes Håkonsund frå Os kommune.

Os hovudavlaupsreinseanlegg, OHARA, er det største «byggeprosjektet» i Os kommune nokosinne, med ein 180 x 20 meter stor hall under brannstasjonen på Moberg, med tilkomst i 700 meter lang tunell frå Moberg og vidare 900 meter med tunell ned til Televika, begge køyrbare for lastebilar.

Bygginga starta i september 2015 og siste salve skal fyrast av på nyåret 2017. No er også boringa av luftesjakta i gang.

1 km med ny veg opp i fjellet

Veidekke, som ikkje berre bygger ny E39 frå Svegatjørn til Rådal, har kontrakten også på OHARA. Fleire av dei Veidekke-tilsette som jobbar på Moberg bur saman med E39-pendlarar i brakkeriggen ved Lidl-bygget, «Ådnadalen hotell».

– Vi bygde ny veg opp til luftesjakta, der delar av den går på tidlegare traktorveg, men siste del er ny og ganske bratt, fortel formann Dag Nessæther frå Veidekke.

• Les òg: Populær turveg stengt frå i dag

Frå brakkeriggen på Moberg er det cirka ein kilometer opp til riggplassen. For å få utstyret opp måtte Veidekke leiga inn ein spesiell lastebil frå Voss med trekk på åtte hjul. Denne måtte ta på kjettingar for å koma seg opp.

1,6 meter i diameter

Det blir no bora med 12 tommar ned 150 meter til eit område nær reinsehallen i fjellet under Moberg.

– Vi bruker eit eksternt firma til borejobben. Dei drillar ned med 12 tommar og skal dra seg opp igjen med 1,6 meter i diameter, som blir breidda på sjakta.

– Det er ikkje trykkluft så det blir lite lyd, det er meir ein jamn dur frå drillen, forklarer Nessæther og viser oss borekrona.

Arbeidet er så vidt i gang og det er førebels drilla tre meter ned frå holet på Liafjellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.