Har du sett Snodi?
OPPDATERT: Snodi kom heim sjølv.

Ettersøkshunden Snodi stakk frå eigaren i morges, men fann vegen heim sjølv.
- Når eg kom heim no i ettermiddag sto Snodi på trappa og venta på meg, så alt gjekk heldigvis bra, fortel ei glad Irene til midtsiden.no
Snodi og matmor Irene var på luftetur i Moldefjæra torsdag morgon cirka klokka ni, då Snodi plutselig blei borte.
- Eg var på veg heimatt og hadde Snodi rett bak meg. Plutselig oppdaga eg at han var vekk, fortel Irene.
Ho fortell han er i god form og svært oppteken av alt som heiter damer om dagen, så ho trur han kan ha stukke godt avgarde.
- Nett no er eg på veg frå området oppe på Bø, der eg har vore og sett etter han, seier Irene.
Snodi er ein Bayersk viltspor hund.