Sport | 30. sep. 2013

Har du teinene klare?

I morgon startar hummarfisket. Her er reglane.

Har du teinene klare?
Humrar oppbevart i hus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. sep. 2013 07:51

Tysdag 1. oktober klokka 08.00 startar årets fiske etter europeisk hummar i Noreg, Homarus gammarus.

At fredningstida opphøyrer i morgon betyr ikkje at du kan setja teinene i dag, du har ikkje lov å setja teiner etter hummar før fisket har starta.

– Vi har vore ute på nokre tokt, rundt Sotra og Øygarden i førre veke og i Nordhordland for 3-4 veker sidan, seier seniorinspektør Terje Otnes i Fiskeridirektoratet region vest.

– Det blei beslaglagt ganske mykje, spesielt i Nordhordland. Teiner som har for liten eller som har blokkert fluktopning er ein gjengangar, fortel han.

Fiskerikontoret i Bergen har ikkje vore på inspeksjon i skjergarden i Os sidan forsommaren i år.

– Men vi skal på sjøen igjen, blant anna i dag, og osingane bør som andre halda seg til regelverket.

Her er reglane for hummarfiske

• Hummar med utvendig rogn er freda heile året.

• Felles minstemål for hummar i heile landet er 25 cm.

• På kyststrekninga frå svenskegrensa til og med Sogn og Fjordane fylke er det lov å fanga hummer i perioden frå 1. oktober klokka 08.00 til og med 30. november. (For resten av landet er fisketida frå 1. oktober klokka 08.00 til og med 31. desember.)

• Det er ikke lov å sette eller trekke teiner til fangst av hummer på den samme kyststrekningen fra en time etter solnedgang til en time før soloppgang.

• Hummar kan berre fiskast med teiner. Hummar tatt med annan reiskap (f. eks garn) skal setjast ut igjen.

• Personar som driv hummarfiske frå land, eller med båt som ikkje er merkeregistrert, kan berre fiska med 10 teiner. Begrensinga gjeld også per båt, uansett kor mange fiskarar som er om bord. Samla tal på teiner for hummar og ruser for fisk kan heller ikkje overstiga 10.

Visste du ...

• Det er ikkje heilagdagfredning i Hordaland (men på kyststrekninga Vest-Agder til svenskegrensa).

• Tidlegare var det krav om djupne, du kunne berre fiska djupare enn 20 meter. No gjeld dette berre aust for Lindesnes, på Vestlandet kan du fiska kor grunt du vil.

FLUKTOPNING OG MERKING

• I teiner som er sett ut for fangst av hummar skal det vera minst éin sirkelforma fluktopning på kvar side av reiskapen.

• Opninga skal ha ein diameter på minst 60 mm og plassert i fluktkammeret sånn at liten hummar lett kan ta seg ut.

• Sanke- og samleteiner og hummerteiner skal vera tydeleg merka med eigar sitt namn og adresse.

• Krabbeteiner som er sett ut på strekninga mellom svenskegrensa og til og med Tysfjord kommune i Nordland fylke skal ha minst éin sirkelforma fluktopning på kvar side av redskapet. Fluktåpninga skal ha ein diameter på minst 80 millimeter.

OPPBEVARING

Frå og med 1. januar til 1. oktober klokka 08.00 er det forbode å oppbevara hummar i sjøen.

Hummar som innan 1. januar er innmeldt og registret av salslag for omsetnad kan likevel oppbevarast i sjøen.

Fiskeridirektoratets regionkontor i det angjeldende området kan gi tillatelse til å oppbevare hummer i sjøen til godkjent kjøper.

Kjelde: fiskeridir.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.