Om to veker reiser Fredrik Seliussen (t.v.) og Terje Søviknes til Oslo for å møta Rev Ocean. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Har fått møte med Røkke-selskap

Skal til Fornebu for å snakka om «The Big Blue» i Lyseparken.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I februar sa Terje Søviknes at han ikkje var framand for å undersøkja om Lyseparken kunne vera passande destinasjon for «Verdenshavenes hovedkvarter», skyskraparen som Kjell Inge Røkke sitt selskap Rev Ocean ønskjer å realisera.

• Les òg: 200 meter høgt Røkke-tårn i Lyseparken?

«The Big Blue» var tenkt reist på Fornebu, men Bærum kommune sa nei. Fleire andre kommunar har vist vilje til å gå i dialog, no har Os kommune fått møte med selskapet.

– Eg hadde kontakt med Nina Jensen i Rev Ocean, som i grunnen var rask med å invitera oss til Oslo, seier Søviknes til Midtsiden i dag.

Møtedato er sett til 27. mars. Søviknes reiser saman med Lyseparken-direktør Fredrik Seliussen til Fornebu.

– Ein naturleg stad for eit internasjonalt hav-hovudkvarter

Lyseparken er eit komande næringsområde på rundt 500 mål i Endelausmarka, området mellom dei to tunellane på E39 Svegatjørn-Rådal, som er under bygging.

For tre år sidan fekk Lyseparken éin million kroner frå Enova. No er dei del av eit prosjekt av Snøhetta og Sintef, som ser på ei ny løysing for avkjøling av datasenter i kombinasjon med bygging av lokalt fjernvarmeanlegg.

Søviknes meiner Lyseparken, med si sterke satsing på klima og energi, er ideell for eit havbygg som òg skal vera heilt i front på miljøvenlege løysingar.

– Røkke vurderer utlandet òg, men om skyskraparen skal byggast i Noreg, er det ingen stadar som er betre eigna enn bergensområdet, meiner ordføraren.

– Her har vi allereie Havforskningsinstituttet, fullverdige klynger innan oppdrett og shipping, og store fagmiljø innan fiskeri.

– Bør ikkje konkurrera

Os er ikkje einaste kommune som har vist interesse for å få Røkke til å sjå deira veg.

– Mitt innspel, i dialog med ordførarar i andre kommunar i Hordaland, og sentrale politikarar i Bergen, har vore at vi bør setja oss ned saman med fylkesmannen og diskutera alternative lokalisasjonar.

Søviknes reknar med at det er fleire sterke meiningar om eit bygg av denne høgda, både lokalt og på fylkesnivå.

– Men om vi får diskutert oss fram til kva stad som toler mest høgde, kan vi jobba saman i den vidare dialogen med Rev Ocean. Dette bør ikkje bli ein kamp mellom for eksempel Os og Askøy, men om det skal byggast i Noreg kan vi jobba saman om å finna den beste plassen nær Bergen.

– Os slår seg snart saman med Fusa. Har du sett på andre stadar i komande Bjørnafjorden kommune, for eksempel for å finna ein eigna plass som òg er nærmare sjøen?

– Nei. Eg vil tru at det er viktigare å vera nær Bergen sentrum og Flesland enn å vera nær sjøen.

Søviknes seier han uansett utfall i skyskrapar-saka, er glad for at Os kommune får dette møtet.

– Røkke er ein stor eigedomsaktør. At vi får visa Lyseparken er positivt.

• Les meir om prosjektet på revocean.org

Fleire saker