Har fått nye tips
Politiet er takksam for informasjon om varebilen som er observert i etterkant av innbrota i Os dei siste vekene.


I går gjekk politiet ut og etterlyste tips om ein svart varebil som er observert i Varåsen og på Søfteland.
Varebilen, som har utanlandske skilt, skal ha hatt mistenkeleg kjøremønster, i etterkant av at det på fire dagar blei oppdaga tre innbrot i Varåsen.
– Bilen er også observert i Hegglandsdalen. I tillegg har vi fått stadfesta merke og registreringsnummer, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
– Men vi har førebels ikkje fått opplysningar ut frå registreringsnummeret og kjenner ikkje identiteten på dei som har brukt bilen.
Truleg frå Aust-Europa
Etter dei første tipsa kunne det sjå ut som om det var spanjolar som kjørte bilen.
Nye opplysningar gjer at politiet no trur dei er frå Aust-Europa.
Politiet er takksame for engasjementet og opplysningane dei har fått inn og seier publikum framleis er velkomne til å ringa inn observasjonar.