Lokal | 13. juli 2019

Har fleire spor etter utforkøyringa i Langedalen

... men politiet veit framleis ikkje kven som eig bilen eller kven som køyrde.

Har fleire spor etter utforkøyringa i Langedalen
Langedalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. juli 2019 07:49

Bildeserie:

Onsdag 3. juli hamna denne bilen i grøfta. (Foto: Politiet)
Onsdag 3. juli hamna denne bilen i grøfta. (Foto: Politiet)
1 av 1
Onsdag 3. juli hamna denne bilen i grøfta. (Foto: Politiet)

Onsdag 3. juli køyrde ein bil utfor den kommunale vegen over Langedalen.

Ingen var på staden då politiet kom fram, og bilen er utan skilt. Politiet har tatt beslag i bilen.

– Det er ingen som har meldt seg for å få bilen tilbake, fortel politiførstebetjent Thomas Juulseth.

– Bilen har i utgangspunktet vore registrert utanlandsk. Vi har vore i kontakt med politiet i fleire land, førebels utan resultat.

Politiet har vore i dialog med vitne, som fortel om to menn som har gått frå bilen.

– Vi har fleire spor i saka og jobbar vidare med etterforskinga. Vi har blant anna nokre namn som skal sjekkast ut. Dei kan ha kjennskap til kven som henta dei to personane som var i bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.