Lokal | 03. juni 2019

Har funne årsakene til den uventa flaumen

– Vi har òg funne ein metode for å redusera risikoen for nye flaumar, seier Siril Langhelle.

Har funne årsakene til den uventa flaumen
Myrvollen i dag, på tampen av legging av nye VA-leidningar langs Byvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. juni 2019 12:52

Laurdag morgon blei ein kjellar og garasje i Myrvollen utsett for flaum. Området har vore flaumutsett i mange år, men han som bur i huset reagerte på at det denne gong kom etter forholdsvis små nedbørsmengder.

Han såg ikkje vekk ifrå at Os kommune sitt arbeid på tomta nedanfør har vore medverkande årsak. Vassbakk & Stol er i ferd med å ferdigstilla arbeid med nytt VA-anlegg frå krysset ved Prestegardsskogen til forbi krysset ved Idrettsvegen.

– Teknisk vakt var på staden laurdag og varsla med søndag. Måndag morgon var vi saman med utførande entreprenør, og grunneigar, på synfaring i området, fortel prosjektleiar Siril Langhelle frå Os kommune.

Set gamal leidning «i drift» igjen

– Det er nok ei samansett årsak til flaumen. Det som er endra etter vårt arbeid er at ny avlaupsleidning for spelvatn er tett, mens den gamle hadde lekkasje, noko som ved store nedbørsmengder hadde ein hyggeleg biverknad.

Den gamle leidningen med lekkasje tok òg unna overvatn. Leidningen ligg der framleis, men er ikkje lenger kopla på noko nett for vidare drenasje.

– Vi har funne ei løysing der vi koplar den gamle leidningen inn på kummane for overvatn. No er den fri for spelvatn (gråvatn frå for eksempel dusj og kjøkkenvask i heimane), så den vil truleg ha endå betre kapasitet for overvatn enn før.

– I tillegg har grunneigar ein privat kum, som han får løyve til å kopla på vårt nett for overvatn. Begge delar vil nok hjelpa dreneringa på den flaumutsette adressa.

– Kan redusert drenering og skadane som kom i helga få etterspel for Os kommune?

– Det er tidleg å seia, men vi kan nok rekna med at det blir ein dialog mellom forsikringsselsapet til huseigar, dei som leiger huset og kommunen. No håper vi uansett at løysingane vi har funne vil betra situasjonen i Myrvollen i tida framover, seier Langhelle.

PS! Arbeidet som Os kommune har fått utført er utelukkande legging av nye vatn- og avlaupsleidningar, men langs delar av same trasé, noko tettare på Byvegen, kan det koma pendlarparkering. Dette er noko formannskapet skal ta stilling til i møte i morgon. Om det blir fatta avgjerd kan dette arbeidet starta umiddelbart etter ferdigstilt VA-arbeid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.