Har hatt ein god sommar
Oseana kafe og restaurant med eventyrleg sommar. – Etter at vi starta med take-away og catering har det blomstra, seier Roald Mjelstad.
Med rundt 30 grader mest heile sommaren har det vore eit yrande folkeliv i Mobergsvikjo. Noko også Oseana kafe og restaurant har nytt godt av.
– Etter litt om og men kom vi endeleg igang med ein meny også for badegjestane, kor dei kan bestilla med seg mat ut på stranda.
– Det har vore ein ubetinga sukess. I løpet av tre veker omsatte vi for 170 000 kroner, fortel eigar og drivar, Roald Mjelstad.
På menyen står enkle lunsjrettar som ciabatta og baguettar med fleire typer pålegg, samt pizza og is.
– Alt er sjølvsagt heilt ferskt.
– Vi har ikkje smørt opp på førehand, men tek det etterkvart som bestillingane kjem inn.
Kantineservice for bedriftar
Eit nytt grep dei òg har teke er å tilby kantinedrift for bedrifter i Os.
– Førebels har vi ein bedrift med omlag 20 tilsette som vi leverar lunsj til kvar dag.
– Då kjem vi opp der til avtalt tid, med ferske råvarer og dekker bordet.
– Når dei er vel ferdige med å eta kjem vi tilbake og ryddar opp etter oss.
– Dei slepp å nytta høgt lønna medarbeidarar til å gå på butikken for å handla inn mat, og vi får utnytta ledig kapasitet. Ein vinn-vinn situasjon for båe parter, slår Mjelstad fast.
Raspeballe-suksess
Fleire har etterlyst andre typer, og gjerne litt meir husmannskost, frå kafeen ved Mobergsvikjo.
– Det vil vi sjølvsagt freiste å tilby.
– Sundagsbuffeten vi har hatt i lengre tid, har vore populær og har stabilisert seg på eit godt nivå.
– No i sommar har vi starta med to nye buffetar. Måndager har vi kjøttkakebuffet, medan torsdager er det raspeballar som står på menyen.
– Så langt er det tydeleg at raspeballane er det som fengjer mest.
– Då vi starta med det sist torsdag var det fullt hus og vi gjekk tom. Det lover vi ikkje skal skje i morgon.
– Vi håpar at òg at kjøttkakane etterkvart etablerar seg som eit godt tilbod til middagssultne osingar, avslutter Mjelstad med eit smil.