Lokal | 08. jan. 2021

Har hatt ny måling av isen i dag

– Vis tolmod, er brannsjefen si oppmoding.

Har hatt ny måling av isen i dag
Brannsjef Eivind Hovden. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. jan. 2021 09:34

Den siste veka har både Midtsiden-redaksjonen og brannvesenet fått hyppige spørsmål om isen er trygg på nokre vatn i Os.

– Folk ringer og sender melding både seint og tidleg. Mange står og lengtar etter å gå på skøyter, og det forstår eg, eg er glad i å stå på skøyter sjølv, seier brannsjef Eivind Hovden.

Då dei målte isen på fem vatn tysdag, var ingen vatn trygge. Ulvenvatnet sør hadde tjukkast is, med 11 cm.

Fredag formiddag har dei vore ute igjen.

– Manglar 2 centimeter

– Det tjukkaste som blei målt i dag var 13,5 centimeter.

– Det betyr at ingen av dei har farbar is, vi manglar 1,5 centimeter.

  • Ulvenvatnet sør (Moberg) 12 cm
  • Ulvenvatnet nord (Sigurdsvika) 8 cm
  • Banktjørno 13 cm
  • Gåsakilen 13,5 cm
  • Lekvenvatnet 12 cm

Kan bli trygg i neste veke

Brannsjefen kjenner til at Norsk Folkehjelp har kalla 10 cm stålis for trygg, at skiløparar bruker 5 cm som minimumskrav og at éin person kan gå åleine til fots på 6 cm tjukk stålis.

– Vi kan likevel ikkje gjera noko anna enn å retta oss etter 15 cm på 90 prosent av vatnet, som blir brukt som minstemål over heile landet.

– Kva om folk måler andre vatn sjølv, eller bruker isen likevel?

– Anten isen er over eller under 15 cm tjukk, er all ferdsel på eige ansvar, og alle som vil på isen bør lesa gjennom og retta seg etter isvett-reglane.

– Eg håper òg at alle viser tolmod, denne veka er neppe siste sjanse sjølv om det er meldt plussgradar i helga.

– Det er meldt kaldt igjen frå tysdag og så langt langtidsvarselet rekk, så det ser ut som om vi kan få ein fin periode med farbar is om ikkje så lenge.

Isvett-reglane

All ferdsel er på eige ansvar.

1. Ha respekt for isen.
Ver merksam på at isen aldri kan bli heilt sikker overalt.

2. Ikkje gå ut på is utan å kunne symje.
Helst bør du ha prøvd å vera i isvatn, delvis for å kjenne til korleis det er, men like mykje for å kjenne til din eigen reaksjon dersom du kjem i så kaldt vatn. Kan du ikkje symje, bør du ha på deg ein form for flyteplagg.

3. Hald deg på sikker is.
Styr unna stader der du bør vite at det er svak is. Du må ikkje gå ut på is som er ujamnt tjukk med ujamn bæreevne utan at du har god kjennskap til is og har trent på å oppfatte variasjonar i isen. Med kjennskap til is vil du gå utanom siv, råker, bruer, oddar, utløp, innløp, trange sund, stader der du veit det er grunnar, eller der isen akkurat har lagt seg. I forhold til is på regulerte vatn og korleis isforholda kan variere med varierande vannstand, effektkjøring osv. finn du informasjon om på www.nve.no.

4. Ver spesielt merksam på haustis, snødekka is og våris.
Nylagt is eller is som nærmar seg å gå opp, er upåliteleg. Snødekka is kan vera skummel fordi du ikkje kan sjå eller merke kor den er svak, før det er for seint. Spesielt merksam skal du vera dersom snøen har lagt seg på isen kort tid etter at den la seg. 30 cm snø isolerer og gjer at isen ikkje legg på seg.

5. Bruk alle sansane når du går på isen.
Isen gir lyd frå seg. Høge og korte lydar er eit varsel om tynn is. Kvit eller grå is er svakare enn mørk is (gjeld ikkje vårisen) og blank is. Is på saltvatn er svakare enn is på ferskvatn.

6. Gå fleire i følgje.
De representerer ein redningsmolegheit for hverandre. Går de litt spreidd, vil de fordele vekta over ei større flate, samtidig som ikkje alle vil gå igjennom på éin gong.

7. Ta med deg skikkelig og tilstrekkelig sikringsutstyr.
Dette må sjåast i høve til erfaring og kva type tur du er på. Ein godt festet sekk med skiftetøy pakket i vanntett pose, gir oppdrift. Ispiggar er obligatorisk. I tillegg bør du ha ei kasteline med deg.

8. Hvis du går igjennom isen, ikkje få panikk.
Tenk klart, og sjansane aukar for at du kjem deg opp igjen. Forsøk å halde hovudet og øvre del av kroppen mest mogeleg over vatn. Dette vil redusere nedkjøling og auke overlevingsmoglegheiten. Kjem du under isen, leit deg fram til der isen er mørkast, der er det ope vatn. Søk alltid etter å komme opp i den retningen du kom fra før du gjekk gjennom. Bruk ispiggar, tollekniv, stav eller ein spiss gjenstand for å hogge tak i isen, og hjelp til med kraftige spark.

9. Hvis andre går gjennom isen; hald avstand.
Bruk såkalt forlenga arm. Helst ei redningsline, livreddingsbøye eller anna du kan kaste bort til den i vatnet. Har du ikkje dette, trekk deg fram på magen og rekk ut ein ski, skistav, eit belte, ei grein etc. Sørg for ein form for forankring så ikkje du blir dratt uti.

Brannvesenet har eige utstyr og eigne øvingar på redning på is.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.