Alle gruppene på danselinja har jobba med dei same teamene og teknikkane (foto: Andris Hamre)

Har jobba i seks månadar med framsyninga

Onsdag og torsdag viser danselinja frå Os kulturskule «I flyt», ei framsyning det har vore jobba hardt og lenge med av dei 130 elevane.

image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Danselinja frå Os kulturskule presenterer denne veka årets store danseframsyning.

– Det blir to framsyninger, ei på onsdag og ei på torsdag. Då er det omlag 130 elevar frå sju til femti år som skal på scenen.

– Dette er første gang også dei eldste damene mine skal vera med, smiler danselærar Patricia Langeland.

Samspelet

«I flyt» handlar om samspelet mellom lys, vann, frø, egg, menneskje og tid.

– Vi har jobba i seks månader med stykket. Mest tid har vi faktisk brukt på å få til ei forståing av teknikk og temaet. Vi har snakka mykje om det med flyt, i tid, tru og det å vera til.

– Eg tykkjer vi har fått til ei framsyning kor bileta heng godt saman frå den eine gruppa til den andre.

– Barna mine har jobba veldig hardt, så no gler vi oss til å visa det fram for osingane.

Alle gruppene på same spor

Det er første gong danselinja har jobba med det same tema og dei same teknikkane på tvers av gruppene.

– Både dei minste og dei eldste har jobba rundt det same. Det har vore veldig kjekt og eg har fått det akkurat som eg ville ha det. Elevane har hatt ei veldig god utvikling og blitt veldig sterke.

– Eg trur vi har hatt godt av eit slik år, avsluttar Langeland etter at Midtsiden har fått ein smakebit frå nokre av nummera.

Fleire saker