Det har gått ferjer mellom Halhjem og Sandvikvåg, men lang frå så mange som planlagt. (Arkivifoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Har kansellert 13 avgangar i dag

Fjord1 slit med tekniske problem.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fjord1 meldte søndag formiddag om kansellert avgang frå Halhjem klokka 13.00 og frå Sandvikvåg klokka 13.45.

Årsaka var forseinking i samband med verkstadopphald.

Utover dagen kom det tre meldingar til, med kanselleringar av i alt 13 avgangar.

Desse avgangane er kansellerte i dag:

Frå Halhjem: 13.00, 14.30, 16.00, 17.30, 19.00, 20.30 og 22.00.

Frå Sandvikvåg: 13.45, 15.15, 16.45, 18.15, 19.45 og 21.15.

Også for ein månad sidan, torsdag 1. november, blei 13 avgangar kansellerte.

Midtsiden har ikkje lykkast i forsøk på å nå driftsansvarleg med spørsmål om det er venta fleire kanselleringar i natt eller måndag.

Artikkelen blir oppdatert om vi får ny informasjon.

Fleire saker