Lokal | 04. feb. 2020

Har kansellert åtte avgangar

Bastø III er på veg som reserve på Halhjem-Sandvikvåg.

Har kansellert åtte avgangar
MF Færøy til kai på Halhjem. I dag har søsterferja MF Samnøy problem. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. feb. 2020 08:03

Tysdag morgon blei avgang 05.40 og 07.20 frå Halhjem, og 06.30 og 08.10 frå Sandvikvåg innstilt grunna teknisk feil.

Klokka 08.51 blei også 09.00 og 10.40 frå Halhjem og 09.50 og 11.30 frå Sandvikvåg kansellert.

– Årsaka er ein teknisk feil på MF Samnøy. Feilen har ikkje skapt praktisk problem, men vi har fått ein indikasjon på at noko må sjekkast, og legg MF Samnøy til kai, seier driftsleiar på sambandet, Fredrik Moe frå Torghatten.

Bastø III kjem inn som reserve. Den skal snart legga frå kai ved Rubbestadneset.

– Vi håper å ha den i drift til 12.20-avgangen frå Halhjem, seier Moe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.