Lokal | 12. juli 2017

Har mindre tru på betre råd

Andelen som trur dei vil få betre råd i året som kjem fell frå 31 til 28 prosent i Hordaland. Antal pessimister held seg stabilt.

Har mindre tru på betre råd
Hans Harén, admistrerande direktør i Gjensidige Bank fortel om mindre optimisme blant hordalendingane (pressefoto)
Andris Hamreonsdag 12. juli 2017 07:33

Kvart år siden 2010 har 4400 nordmenn blir spurt om forventningane til eigen privatøkonomi. I Hordaland seier 28 prosent at dei venter å få betre økonomi i året som kjem. Det er ein liten nedgang frå i fjor, då 31 prosent var optimister.

Samstundes seier 15 prosent at dei ventar å få dårlegare råd, mot 14 prosent i fjor.

– Forventningane i Hordaland har vore overraskande stabile dei siste åra, sett i høve kor mykje økonomien har svingt, seier Hans Harén, administrerande direktør i Gjensidige Bank, som står har fått Ipsos til å gjennomføre undersøkninga.

Overraskande låge forventningar

I Noreg sett under eitt er forventningane omlag uendra frå i fjor. 29 prosent venter å få betre økonomi. Til samanlikning var andelen optimistar stabilt rundt 35 prosent i åra før oljeprisfallet. Også andelen som ventar å få dårlegare råd har lagt seg på eit markant høgre nivå. Fram til 2014 var andelen stabilt rundt 7 prosent. Dei siste åra har den lagt på 10 prosent.

– Det er litt overranskande at ikkje undersøkinga viser sterkere optimisme, med tanke på dei mange signala om sterkare vekst og lågare ledighet. Det kan tyde på at det tek tid å endre folk sine forventningar, seier Harén.

Unge mest optimistiske

Flest optimister finn ein blant unge under 25 år viser undersøkinga. Meir enn halvparten venter å få betre økonomi, noko som har vore meir stabilt dei siste åra samenlikna med andre aldersgrupper. Det er i den neste aldersgruppa frå 25 til 39 år forventningane har sunket mest.

– VI veit frå tidlegare undersøkingar at folk i denne aldersgruppa oftere enn andre får lønnsopprykk ved å skifte jobb eller bli forfremma. Eit svakare arbeidsmarked kan ha redusert desse moglegheitene, seier Harén i ei pressemelding.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.