Næringsliv | 07. mars 2018

Har opplevd jamn vekst

Orion krympar arealet, men veks med uteservering og take-away.

Har opplevd jamn vekst
Sahahram Rezai på Orion restaurant fortel om jamn vekst dei to siste åra. No vil dei fornya seg med uteservering og etterkvart utkøyring av mat (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 07. mars 2018 11:05

Restauranten Orion opna i Fagerthun-bygget i april 2016 då dei tok over både dei gamle gullsmed-lokala og lokala etter Kleiven Kjøtt og delikatesse.

Tysdag blei det klart at dei no krympar restauranten for å gje plass til Osøyro Kolonial som i løpet av sommaren startar butikk med lokal mat og tilbehør.

– Orion har funne eit konsept som passar bra i dei gamle gullsmedlokala, fortalde huseigar Anders Fagerthun då Midtsiden møtte han og Sahahram Rezai frå Orion i lokala tysdag ettermiddag.

– Ja vi opplever at dei omlag 30 sitteplassane vi har her inne held, supplerer Rezai.

Vil fornya seg

Rezai kan fortelje at dei har opplevd jamn stigning siden dei opna for snart to år sidan.

– Det er klart det er litt sesongbasert, men sommarane og jula har vore bra heile tida, og omsetnaden har vore betre i år enn i fjor, så vi er nøgd.

– Vi ønskjer heile tida å bli betre og å fornya oss, så det å kutte ned litt på arealet går heilt fint.

– Dessuten har vi fått løyve til uteservering av mat, ikkje alkohol, så berre det blir litt varmare i vêret, så vil vi setta ut eit par bord utanfor inngangen.

Populær take-away

Med tyrkiske rettar og vegatar falafela i tillegg til pizza, pasta, kjøt og fisk har Orion blitt ein populær restaurant.

– Vi har også veldig mange gjester som bestiller take-away og kjem innom for å plukka opp maten når den er klar.

– Ein av dei tinga vi har tenkt å gjera for å fornya oss er å byrja med utkøyring i tillegg til take-away, men det blir nok ikkje før på seinsommaren eller til hausten, avsluttar Rezia som håper og trur at han saman med Osøyro Kolonial vil vera med på å trekkje enno fleire kunder til sentrum i tida som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.