Lokal | 20. nov. 2020

Har oppretta sak etter mistanke om sladding

Politiet rykte ut til Lidlbygget torsdag kveld.

Har oppretta sak etter mistanke om sladding
Ådnadalen er ein stad der ungdom i bil av og til samlast. I går var det snø og melding om sladding på staden. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. nov. 2020 08:42

Torsdag litt før klokka 22 fekk politiet melding om ein bil som leika seg på glatten ved NHP-bygget «Lidlbygget» i Ådnadalen.

Patruljen møtte mistenkte då dei kom til staden.

– Bilførar, ein gut i tenåra, er meldt og vi har oppretta sak, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Den store parkeringsplassen er med ujamne mellomrom samlingsplass for ungdom i bil, og politiet har fleire gongar vore ute og delt ut åtvaring etter melding om sladding og børning.

Denne gong blir det oppretta sak.

– Observerte patruljen sladdinga sjølv, då dei kom til staden?

– Det står ikkje notert her kva bevis dei har. Det kan vera video, men det er òg mogleg at dei observerte noko sjølv. Men dei skal uansett ha noko, sidan det er oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.