Kultur | 15. mai 2016

Har seld til England

Auka billettsal til Osfest. – Det er no det startar, seier Tor Egil Hylland om billettsalet til Osfest, men allereie har dei seld meir enn tidlegare år.

Har seld til England
Tor Egil Hylland gler seg over godt billettsal så langt (arkivfoto: KVB)
Andris Hamresøndag 15. mai 2016 17:13

Osfest er i år 4. til 6. august med artistar som Vamp, Neil Finn, Mike & The Mechanics, Nic Kershaw og Suzanne Vega.

I tillegg er ungdomsidola Markus og Martinus klare med eigen konsert på dagen laurdag.

– Markus og Martinus er jo utseld og selde over 1000 billettar i løpet av den første timen, men også resten av programmet sel betre enn tidlegare år, fortel festivalgeneral Tor Egil Hylland.

Selde til Blackburn

Hylland fortel at salet har gått bra i februar, mars og april, men at mai har vore noko labert.

– Det er no vi starter sjølve innsatsen med å selgje billettar. Eg er likevel nøgd. Vi har seld meir i år enn det vi gjorde åra før.

– Litt artig er det at vi i år har seld to dagspass til Blackburn i England. Eg håper det er eit signal på at vi har klart å få artister som trekk publikum frå meir enn Osbygda.

– Vi ønskjer å skapa ein festival kor folk ikkje berre kjem for festen, men òg for å høyre musikken og artistane, seier Hylland.

Vip og pass populært

Festivalsjefen fortel at det har gått relativt mykje VIP-pass og to-dagarspass.

– Sjølv om billettane vi selde til Blackburn var for ein dag, så er hovudvekta av det vi har seld så langt VIP-pass og 2. dagarspass. VIP-passa gjeld jo for tre dagar og inkluderar Heine Totland i teltet på tordagen. Han er ein utruleg populær fyr.

– Også cruiset med Trine Rein sel bra så langt. Det er det eineste cruiset vi har lagt ut for sal til no. Frode Alnæs på fredagen er i utgangspunktet for sponorar og samarbeidspartnerar, men det blir nok nokre billettar som blir lagt ut for ordinært sal der og, avsluttar Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.