Lokal | 21. aug. 2019

Har sendt ut kokevarsel til 888 hus

Rutineprøvar viser mogleg forureining av høgdebassenget på Bjørnen.

Har sendt ut kokevarsel til 888 hus
Bur du innanfor dette området må du koka drikkevatnet ditt. (Kart: Os kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. aug. 2019 11:00

Os kommune har i dag sendt ut kokevarsel til 888 abonnentar, inkludert bustadar, skular og barnehagar, etter funn i høgdebassenget på Bjørnen.

– Rutinemessig prøvetaking viser indikasjon på forureining. For å vera på den sikre sida har vi sendt tekstmelding til alle som får vatn frå høgdebassenget, seier Os kommune i ei pressemelding i dag.

Abonnentar innanfor området markert i raudt må kokadrikkevatnet.

– Vi tar nye prøvar av vatnet i dag. Alle berørte vil få ny melding når kokevarselet er oppheva, opplyser kommunen.

Fine prøvar i førre veke

Funnet er ikkje gjort i Bjørnavatnet, men ein tank på Bjørnen med vatn frå Os VBA, som reinsar vatn frå Krokavatnet.

– Kor tid blei førre vassprøve tatt?

– I førre veke. Dei prøvane var fine. Det blir tatt prøvar kvar veke, seier einingsleiar Agnete Haugland.

Tanken er stengt av og det er tatt nye prøvar i dag, av vatnet som kjem ut av høgdebassenget.

Os kommune får svar på desse prøvane i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.