Har tilsett prosjektleiarar
Bjørnafjorden kommune • Har tilsett prosjektleiarar for teneste- og samfunnsutvikling.
Tidlegare i haust vedtok fellesnemnda at rådmann Christian F. Fotland skulle bli prosjektleiar for kommunesamanslåinga og rådmann i den nye kommunen. Nils-Petter Borge, noverande rådmann i Fusa, skulle gå inn i prosjektleiinga og bli assisterande rådmann i den nye kommunen.
I arbeidet med reforma har dei to ønska å tilsette prosjektleiar for tenesteutvikling og prosjektleiar for samfunnsutvikling.
– Det har vore ein utruleg fin prosess med berre sterke kandidatar, fortel Fotland.
Frå eigne rekker
Fotland har i dag tilsett dei to nye prosjektleiarane.
– Monica Totland Melvold, som i dag er assisterande einingsleiar i tenester for utviklingshemma, blir prosjektleiar for tenesteutvikling som omfattar helse og omsorg, oppvekst og kultur.
– Marianne Kramer, som i dag er einingsleiar for tekniske tenester blir prosjektleiar for samfunnsutvikling, fortel rådmannen.
– Eg er veldig fornøyd med desse to tilsettingane. Vi skal no sette oss ned og sjå på korleis desse to skal erstattast i dei jobbene dei har i dag.
Dei to tek til i dei nye stillingane i desember.