Lokal | 15. feb. 2016

Har tru på TdF-start i Os

Ordførar Terje Søviknes (Frp) er optimistisk med tanke på å få starten av Tour des Fjords til Os. Torsdag handsamar formannskapet framlegg til spleiselag med næringslivet.

Har tru på TdF-start i Os
Ordførar Terje Søviknes (Frp) sørgja for å dokumentera då fjorårets Tour des Fjords passerte gjennom Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 15. feb. 2016 12:54

På Os næringsforum sitt møte i byrjinga av februar fridde ordføraren til næringslivet om å bli med på eit spleiselag for å få starten på årets Tour des Fjord til Os.

– Eg har fått litt respons frå næringslivet, så dette trur eg vi skal få til. Difor stressar eg ikkje med å alt på plass før formannskapsmøtet torsdag, fortel Søviknes.

Satsar på folkefest

I saka som skal handsamast av politikarane torsdag legg ordføraren opp til at kommunen går inn med 100 000 kroner frå formannskapet sitt disposisjonsfond. I tillegg voner ein at næringslivet går inn med 200 000 kroner i spleiselaget.

Dette er tilsvarande Stord kommune gjorde i fjor då dei var vertsskap for starten på ei av etappene i sykkelrittet.

– Stord fekk til ein skikkeleg folkefest rundt starten i fjor. Eg håper og trur at vi skal klare å få til minst det same i Os.

Blei beden om å ta starten

I saksframlegget til formannskapet kjem det fram at det er Tour des Fjords som har teke kontakt med Os kommune med søknad om støtte til å legga starten med den offisielle lagspresentasjonen og eit eige barneritt til Osøyro som opptakten til Tour des Fjords 2016.

– Arrangørane ønskjer seg ein målgang i Bergen og har nok tenkt at det var enklare å få oss med på det enn til dømes Fjell og Askøy, som begge er tungt inne, også økonomisk, i VM 2017.

– Dei var i kontakt med oss i fjor også, med spørsmål om vi kunne vera vertsskap for start eller mål på ei etappe, men då var vi ikkje klare for det. I staden blei det ein innlagt spurt i Os.

– Det er dei som står for arrangementa i samband med rittet, men vi må i tillegg til det økonomiske stilla med nokre mannskap til vakter og andre oppgåver. Der seg eg for meg at vi stiller med mannskap frå kommunen, men òg at vi får med oss frivillige frå idretten, seier Søviknes.

God reklame for Os

Tour des Fjords er eit offisielt UCI-løp (løp akkreditert av det internasjonale sykleforbundet, journ.mrk) der dei internasjonale proff-laga deltek. Kva lag som deltek i 2016-utgåva er førebels ikkje klart, men i fjor var både Katusha med Alexander Kristoff, MTN Qhubeka med Edvald Boasson Hagen, Tinkoff Saxo og Rabobank på startstreken.

TV2 og Eurosport var blant TV-kanalane som sendte frå rittet i 2015. Arrangøren opplyser til Os kommune at dei har etablert samarbeid med eit mediaselskap for å etablera avtaler om TV-sendinger i fleire land i 2016.

– Potensialet for publikumsframmøte, folkefest og god marknadsføring gjennom TV2 sine direktesendingar er stort. I forkant av sendingane kan vi også få meldt inn sentrale tema som kommentatorane i TV2 skal omtala når rittet passerar gjennom Os, t.d. Lysøyen/Ole Bulls Villa, Lyse Kloster, Oseana, Osøyro, Solstrand Hotel og Bad, Oselvaren. Samla vil eit slikt arrangement også tre naturleg inn i aktivitetsprogrammet for Liv på Øyro, skriv Søviknes i saksutgreiinga.

Stort sirkus

Søviknes fortel at det er eit betydeleg apparat som kjem til Os den 31. august i samband med starten.

– Vi blir nok nøydd til å rekvirera ein god del areal til parkering for teambussane og -bilane. Mellomanna ser vi for oss å nytta grusbanen.

– Kor mykje plass vi treng kjem an på kor mange lag som deltek, avsluttar Søviknes.

Syklistane skal ikkje berre starta i Os, men komma tilbake før dei legg turen til Bergen.

Det vil bli køyrd ei runde på omlag 20 kilometer før rittet køyrar gjennom Os igjen, opplyser arrangøren i søknaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.