Lokal | 21. juni 2018

Har valt ordførarkandidat

Bjørnafjorden Høgre var samrøystes i møtet torsdag kveld.

Har valt ordførarkandidat
Marie Lunde Bruarøy (t.h.) saman med partikollegaene May Brit Haringstad og Susanne Sperrevik (midten). (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juni 2018 20:24

Første gong lokalpartia i Os og Fusa var samla var i oktober 2017, i februar i år blei Bjørnafjorden Høgre stifta med Susanne Sperrevik frå Os som leiar.

I kveld har Bjørnafjorden Høgre valt ordførarkandidat til kommunevalet i 2019.

– Eit samrøystes nominasjonsmøte valte Marie Elisabeth Lunde Bruarøy som ordførarkandidat for Bjørnafjorden Høgre til val 2019, skriv lokalpartiet i ei pressemelding i kveld.

Kommunestyremedlem i Fusa, Aud-May Boge, var ordførarkandidag for Fusa Høgre ved førre kommunestyreval (2015).

Varaordførar frå 2010 til 2017

Marie Bruarøy er fødd i 1981 og blei sett inn som ordførar i Os kommune 12. januar 2017. Ho har vore aktiv i lokalpolitikken i Os for Høgre sidan ho kom på lista første gong i 2003. Då ho vart ordførar i 2017 kom ho frå vervet som varaordførar, som ho har skjøtta sidan 2010. Opprykket kom etter at Terje Søviknes (Frp) blei olje- og energiminister.

I arbeidet med kommunesamanslåinga er Marie leiar i fellesnemnda, og ho har på denne måten fått særs god kjennskap til om Fusa kommune, og ikkje minst arbeidet med å organisera og legge til rette for den nye Bjørnafjorden kommune.

Nominasjonsmøte i november

– Partiet er trygge på at Marie vil skjøtta vervet som ordførar i Bjørnafjorden kommune på ein framifrå måte, slik ho allereie har fått mogelegheit til å demonstrera som ordførar i Os.

Kandidatar til resten av Bjørnafjorden Høgre si liste vil bli nominerte og valt på eige nominasjonsmøte. Førebels dato for dette møtet er sett til 8. november 2018.

Nominasjonskomiteen består av Bjørn Sivertsen, Åge Lygre, Bjarne Tveitnes, Emil Tetlie Brimsholm og Susanne Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.