Lokal | 21. juli 2009

Hard juli-fyring

Ein sørenesing ville halda varmen i migevêret, men enda måndag kveld med å starta årets første pipebrann i Os.

Hard juli-fyring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 21. juli 2009 00:09

I skrivande stund jobbar brannvesenet med å sløkka ein pipebrann på Søre Neset.

- Gneistrar og flammar sto ut av pipa då vi kom fram. Faren med pipebrann er at pipa kan sprekka og flammane spreia seg så det blir husbrann, seier brannsjef Stein Gjøsund til midtsiden.no.

Eld, men lite røyk
Huseigar var åleine i bustaden då pipebrannen starta. Brannen blei oppdaga av ein nabo, som banka på og meldte frå.

Eit brannlag på fem mann rykte i 23-tida ut på brannen.

- Det er lite røyk i huset. Vi har folk i alle etasjar, på loftet og utandørs medan vi jobbar med å sløkka. No håpar vi at ikkje pipa får sprekker, då får huseigar større utgifter med renovering.

Første i år
I heile 2007 var det 7 pipebrannar i Os, 21. februar 2008 rykte brannvesenet ut på sin åttande pipebrann det året.

- I år har det vore færre, dette er faktisk første pipebrann i Os i 2009, seier brannsjefen, og legg til at det er noko spesielt med pipebrann i juli.

- Huseigar hadde fyrt med ein del papir, og då kjem det ofte litt lange stikkflammar, som igjen kan få sot i pipa til å tenna, forklarar Gjøsund.

Svidd pizza på Lio
Då meldinga om pipebrannen kom var brannvesenet på Mobergslio.

- Ein automatisk alarm blei utløyst då nokon som leiger i villaen på Lio hadde gløymt at dei hadde pizza i omnen. Då alarmen gjekk skjønte dei svoltne leigebuarane kva det var, så det blei ikkje noko å gjera for oss på staden, seier Stein Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.