Kultur | 21. aug. 2011

Harmoniske venninner

Galleri Oz opna laurdag salsutstilling med venninnene Hildegunn Byrkjeland og Turid Parmann.

Harmoniske venninner
Andris Hamresøndag 21. aug. 2011 08:32

Utstillinga som opna laurdag er ei utstilling med to gode venninner som har kjent kvarandre i 60 år.

Hildegunn Byrkjeland er biletkunstnar med base i Fana, medan tekstilkunstnar Turid Parmann har verksted og virke i Lysefjorden i tillegg til å vera gallerist for Galleri Oz i det gamle kommunehuset på Kyrkjeflata.

- For eit par år sidan hadde vi planar om å ha ei utstilling med mellomanna Hildegunn i galleriet. Sidan Hildegunn blei sjuk blei det ikkje noko av utstillinga den gongen, fortel Turid Parmann.

Måtte finna ein til

For nokre månader sidan tok Parmann ein telefon til venninna ho har kjent sidan dei var fem år med spørsmål om det var på tide å gjere utstillinga no. Det fekk ho eit positivt svar på.

- Som gallerist måtte eg leite etter nokon som kunne stille ut saman med Hildegunn og som passa til bileta hennar.

- Plutselig la eg merke til eit bilete heime hjå meg sjølv og tenkte at det hadde det vært gøy å lage eit antrekk til, forklarar galleristen om bakgrunnen for at det blei venninnene som held utstilling saman.

- Etter ein ny telefon til Hildegunn blei vi einige om å gjera det saman.

- For meg skulle antrekka underkaste seg bileta hennar og vera harmoniske tilskoderar til bileta, forklarar tekstilkunstnaren.

God start

Laurdag opna dei to utstillinga framfor vener, kjente og andre interesserte.

- Det blei både raude prikkar (sal, journ.anm.) og eindel bestillingar så det har vore ein god dag, smilar galleristen.

- Akkurat no er vi vel litt fortumla, men nøgde, supplerar Hildegunn Byrkjeland.

Dei to fortel om intense månader den siste tida får å få bileter og plagg ferdige til utstillinga som er open i galleriets opningstider fram til 24. september. Utstillinga framstår som varm, roleg og med ein harmoni som gjer det godt å trå inn i det gamle kommunehuset.

- Vi har ein ekstra opningdag i morgon (i dag, sundag, journ.anm.) frå klokka 12, avsluttar Parmann.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.