I går kommenterte Hassan frå sin tidlegare heimebane, Brann Stadion. Her saman med Petter Veland og Jon Børrestad. (Foto: C More/Kristian Oma)

Hassan debuterte på C More

El Fakiri haustar ros for innsatsen i sin nye deltidsjobb.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I førre veke debuterte hovudtrenar for Os, Hassan El Fakiri, som ekspertkommentator på C More.

– Vi visste om det komande engasjementet og alt var avklart før Hassan blei tilsett av oss, seier sportssjef i Os Fotball, Lars Bakkerud.

– Eg trur kombinasjonen mellom det å vera trenar og kommentator er veldig god. Vi har gått gjennom heile sesongen og det er få treningsøkter han går glipp av trass i at han skal kommentera ganske mange kampar.

– Heilt nytt for meg

Måndag 2. påskedag kom debuten, på Lerkendal. Hassan kommenterte seriestarten der Rosenborg slo Aalesund 5-0.

– Dette med å analysera kampar på direkten er heilt nytt for meg. Det er god trening, men det tar nok litt tid før eg blir varm i trøya, seier Hassan til Midtsiden.

Det blir rundt éin kamp i veka El Fakiri skal dekka for C More. I går var han på sin gamle heimebane og såg Brann slå Strømmen 2-0 i OBOS-ligaen.

«Dette blir veldig, veldig bra»

Tidlegare TV2-kommentator Kristian Oma frå Monday Production, selskapet som lager sportssendingane for C More, seier han kjenner El Fakiri godt frå motsett side av mikrofonen.

– Eg har intervjua Hassan både i Noreg, Tyskland og Monaco, og kjenner han som ein fin og god type. Det er derfor vi vil ha han med.

– Han har allereie vist at han er meir enn ein tidlegare toppspelar, han har eit blikk for fotball som gjer at han kan få ei god karriere både som trenar og kommentator. Den kjente og erfarne ekspertkommentatoren Lars Tjærnås kom rett inn i studio etter El Fakiri sin innsats og sa det rett ut, «dette kjem til å bli veldig, veldig bra», fortel Kristian Oma.

– Kva tips blir delt ut frå erfarne kommentatorar til ferske TV-ansikt før dei debuterer?

– Det handlar om å slappa av og kosa seg, stola på deg sjølv og å nyta å snakka om det du liker best. Det er lett for å prøva å vera så flink som mogleg, men dette er ikkje ein eksamen på eit D-trenarkurs, vi snakkar til TV-sjåarar og då må vi også tenkja på det å vera ein entertainer, ikkje vera for opptatt av å vera så fagleg dyktig.

Fleire saker