Lokal | 11. nov. 2019

Haustens første pipebrann

– Hugs godt med trekk, og bruk tørr og god ved, seier brannsjefen.

Haustens første pipebrann
Her frå ein tidlegare pipebrann på ei anna adresse. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 11. nov. 2019 08:26

Like før klokka halv seks i går ettermiddag kom det melding om pipebrann i ein bustad på Mobergslio.

Brannsjef Eivind Hovden fortel at det var naboar som varsla om pipebrannen.

– Vi rykte ut med eit vaktlag og var raskt på staden. Det var ingen dramatikk, og brannen var mykje sløkt av seg sjølv då vi kom til adressa.

Hovden fortel at brannen heldt seg til sjølve pipa, så det vart ikkje røykskadar eller andre skadar på bustaden.

– Etter at vi hadde feia og kontrollert temperaturen i pipa kunne bebuarane flytta inn att.

Hovden legg til at brannen i går er haustens første pipebrann i Os, og han oppmodar folk om å syta for god vedfyring.

– Det er viktig å ha god trekk, og ikkje minst bruka god og tørr ved.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.