Haustplanting i sentrum
Trea i det store bedet på torget er fjerna. No kjem nye planter på plass.


Det går mot den siste plantinga i 2011 og grøntavdelinga i Os kommune får nokre av årets finaste dagar å jobba utandørs i.
I over 20 gradar og sol sto dei i går og planta tulipanar, i dag gjekk det i lyng.
– Nokre synes det har blitt ope og fint etter at vi tok ned trea som sto her, andre saknar dei litt. Men dei var skadde og stygge så det var på tide å ta dei vekk, fortel Siri Berge.
Nye blomar neste år
Saman med tulipanar og lyng skal prydgrønt på plass i det nye bedet.
– Til våren kjem stemor i bedet og i juni skal vi planta sommarblomar.
Litt grønt om vinteren òg
Grøntavdelinga til kommunen er i sving heile året, men sesongen for grønt er snart over.
– Om vinteren går det mest i snørydding og anna vedlikehald, men litt grønt blir det også, i form av trefelling, for eksempel rundt skular, seier Berge.
Pensjonistar i sving
I heile sommar har representantar frå Os pensjonistforening sørgja for at blomane har halde seg friske og fine.
– Vi har sett opp vaktar med tre personar per veke som har brukt om lag halvannan time eit par-tre gongar i veka for å luka, vatna og rydda boss i sentrum, fortel Bernhard Hjelle.
Det var Os Sentrumsforening som hyra inn pensjonistane til å halda sentrum fint. Pensjonistforeninga runda av sesongen i månadsskiftet august/september.