Lokal | 20. juli 2009
Havarerte ved Hagavik
Politiet hadde trafikkontroll måndag kveld, og ein buss havarerte ved Hagavik Hjemmebakeri.


Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. juli 2009 22:36
Garden på Døsa blei midlertidig busshaldeplass Tide hadde havari måndag kveld. Ein tauebil tok havaristen med seg seinare same kveld.
- Vi kjenner ikkje til havariet, men hadde ein trafikkontroll ved Os Lakk og Karosseri medan bussen blei taua, fortel politiet som etter telefonen frå midtsiden.no kjørte ut igjen til området for å sjå om det gjekk fint med tauinga av bussen.
Trafikkontrollen ved Lepsøykrysset gjekk på dokument og teknisk.
- Det var ein del manglar på lys, kanskje lett for ikkje å oppdaga når det er så lyst ute, så her blei det nokre muntlege pålegg om utbetring, seier politiet.