Havari, men like blid
Russen kom seg heilskinna fram til Kongeparken, men ikkje alle bilane overlevde turen.


Torsdag 7. mai blei ikkje ein god dag for russebilen Toy Soldiers. Først bulka den på Kuventræ, på veg til Halhjem og vidare til Kongeparken - og så gjekk det gale på Stord.
Feltvogna kom ikkje lengre enn til Heiane før det sa stopp. Toppakninga rauk, så no står bilen i skogen på Stord.
- Men vi fekk fordelt russen om bord i bilane som kjørte i same kolonne, og kom oss fram til festen alle mann, melder russen til midtsiden.no.
Også bilen som blei kåra til årets russebil, VettaFaen, fekk problem. Med feil val på automatgiren både ned og opp Bømlafjordstunnelen byrja det å koka i motoren, men dei fekk kjølt den ned og kome seg vidare.
- No er festen godt i gang. Ein våt start, men veldig gøy!