Kultur | 02. mars 2011

Headhunta til Amsterdam

Blant 150 barneoperaer ville den nederlandske nasjonaloperaen ha ein frå Os.

Headhunta til Amsterdam
Andris Hamreonsdag 02. mars 2011 09:47

Glenn Erik Haugland og kona Heidi Tronsmo satte i februar 2000 opp barneoperaen «Poy!» på Black Box Teateret i Oslo. No har den nederlandske nasjonaloperaen kasta sine auger på «Poy!» og vil setta den opp i Amsterdam.

- Vi fekk ein telefon for nokre veker sidan om vi kunne tenka oss å koma til Amsterdam med framsyninga, fortel Glenn Erik Haugland.

- Sidan vi er travelt opptatt med «Havfest» og nokre andre prosjekt måtte vi diverre takka nei, seier komponisten.

Gav seg ikkje

Men dei nederlandske operafolka gav seg ikkje med eit nei.

- Det viste seg at dei hadde fått fatt i ein video av framsyninga og hadde bestemt seg for at dei ville setta opp stykket som eigen produksjon nett likt det originale stykket.

- Så då kom det ein ny telefon med spørsmål om det var ei løysing vi kunne vera med på, fortel ein smilande Haugland.

Etter litt omrokkering i programmet har Haugland klart å rydda fri fire dagar som han skal nytta på å lære opp nederlenderane i manus, musikk, scenografi og teknisk utstyr.

- Dei vil kopiera stykket nøyaktig, så det blir nokre hektiske dagar med å læra dei stykket, forklarer Haugland.

«Poy!» var ein av 150 barneoperaer som blei vurdert av den nederlandske nasjonaloperaen.

Skal spelast i 2 år

Framsyninga skal bli ein del av nasjonaloperaen sin faste speleplan dei to neste åra. Det vil seie at operaen frå Os skal spelast i kvar dag i periodar på nokre veker fleire gongar i året.

- Det er utruleg gøy. Det har vel aldri skjedd med ein norsk opera tidligare, fortel den stolte komponisten.

Blir nokre kroner

Då nederlenderane kontakta Haugland fekk han raskt beskjed om at det ikkje skulle stå på pengar.

- Sjølv godt betalt gjorde ikkje at vi sjølv hadde tid til prosjektet, men då dei kom attende og ville setta opp stykket sjølv så satte vi opp nokre krav som dei godtok utan å mukke.

- Det er jo ei anledning ein komponist berre drøymer om, avsluttar Glenn Erik.

Kort om «Poy!»

Henriette elskar lydar og samlar på dei. Hon bor samman med cellisten som øvar og øvar.

Operaen startar i foajeen kor Henriette får dei unge med seg for å leka med cellisten. Cellisten sin tone sett seg fast og Henriette sovnar utmatta ved celloen. Publikum blir no ført inn i en lydlabyrint, Henriettte sin draum.

Inn i salen ligg Henriette og søvr under ein stor haug med puter. Ho vaknar i draumen og tek til å leke med store og små boksar, puter og alt ho kjem over i draumen. Cellisten er òg med og ho er kraftig sur. Det blir krig mellom dei to før den magiske selvlysande boksen får også cellisten til å lytta på lydar og spele samman med Henriette.

Operaen er basert på ei historie av Ståle Tråsdahl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.