Sport | 23. juli 2009

Heftig debut

Eksil-osingen Sigurd Beldo ville læra meir om offroadsykling fordi han skulle undervisa i det, og enda med å pesa elitesyklistar på knallharde Offroad Finmark.

Heftig debut
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. juli 2009 22:23

Bildeserie:

1 av 5

Offroad Finmark startar med ein prolog frå Kåfjorden ved havnivå til Halddetoppen 904 meter høgare, rundt 9 kilometer med knallhard sykling.

- Det er som å sykla opp Svinningen, og kanskje litt til, seier Sigurd Beldo til midtsiden.no.

Rittet held fram på stiar, kjerrevegar og i terreng, dei siste av dei 700 kilometerane er i éin samanhengande etappe.

- Det er enkelte sjekkpunkt der vi måtte kvila nokre timar for blant anna å bli undersøkt av lege. Utanom dette er det opp til kvart lag kor mykje dei vil kvila, sova, eta og sykla, fortel Sigurd.

Nytt fag - ny utfording
Både mora og faren til Sigurd kjem frå Finnmark, men han hatt store delar av oppveksten sin på Os etter at mora flytta sørover. Han snakkar osamål, men er finnmarking nok til å seia "sørpå" om Os og andre stadar i Sør-Noreg han seinare har budd.

Etter ungdomsskule på Os gjekk Sigurd på gymnas i Alta, der faren framleis bur, og etter nokre opphald i Oslo og i Haugesund kom han tilbake til Alta.

- Eg underviser i idrett på høgskulen, og offroadsykling skal bli del av programmet. Eg fann ut at å delta i Offroad Finnmark var ein god måte å læra faget på.

Ikkje solo
Du må søkja for å få delta på Offroad Finnmark. I søknaden må du få det til å sjå ut som om du er ein som kan gjennomføra rittet.

- Det er utruleg dyktige syklistar med, så vi var glade for at vi fekk lov til å delta.

17 lag meldte seg på. Det er nemleg ikkje lov å delta åleine, du må sykla i lag på to til tre personar.

- Det har med tryggleik å gjera. Dei kjørte eit forsøk med solodeltaking i år, men eg trur ikkje det blir opna for solo. Avstandane er store, og skjer det noko gale kan du bli liggande lenge åleine, kanskje utan dekning for mobil.

Nykomarar med spesiell treningsmetode
Kollegaen til Sigurd, Geir Kristoffersen, blei med. Sigurd har stort sett trent ballidrett og styrke og lite uthaldande idrett. Geir har trent allsidig, men har lite erfaring på sykkelsetet.

- Vi fann ut at vi skulle trena mest mogleg likt som rittet, altså lange distansar. Vi hadde nokre økter på 24 timar på sykkelsetet utan stopp, og ein gong sykla vi samanhengande i 36 timar. Då fekk vi trening på å sykla lenge, sova lite og på å eta medan vi sykla.

- Eg trur andre syklistar rista på hovudet av oss, seier Sigurd.

Sjokk i Karasjok
Sigurd og Geir hadde lagt ein plan, eit tidskjema som dei skulle følgja uansett kva som skjedde.

- Vi klarte betre enn planlagt på kvart legg og slo dei fleste kjøreplanane med éin til to timar. Vi var nøgde med det, men forsto ikkje kor godt vi gjorde det før vi kom til Karasjok og journalistar byrja å ringa

Då låg dei nemleg som nummer to, og eit ganske kort stykke bak dei som leia.

- Vi klarte å sykla oss inn så vi berre låg to timar bak på det beste.

70 mil i terreng på 3,5 døgn
Sigurd og Geir kom i mål 3 dagar, 10 timar og 13 minutt etter start, på 3. plass, 18 timar etter vinnarane. (På resultatlista ser det ut som om dei hamna på 4. plass, men ein av plasseringane over er på solo-syklist, som ikkje er teljande).

- Vi hadde problem ein periode, der Geir ikkje klarte å få i seg mat. Hadde det ikkje vore for dette så skulle vi minst klart 2. plass, trur Sigurd.

- Men vi er nøgde med bra resultat i konkurranse med ekstremt gode syklistar, og har vi har vore heldige som verken har ramla eller hatt problem med syklane, slik enkelte andre hadde, legg han til.

Sjå òg (eksterne lenkjer):
Intervju med Sigurd i Altaposten og offroadfinnmark.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.