Lokal | 23. mars 2017

Heftig demontering i høgda

I dag blei den 30 meter høge kranen løfta opp gjennom glastaket på tropehagen i nye Luranetunet.

Heftig demontering i høgda
Her blir motvekta på den 30 meter høge kranen på Lurane løfta vekk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. mars 2017 12:30

Bildeserie:

Stamma på kranen skulle opp dette holet i tropehagen. (Foto: KVB)
Stamma på kranen skulle opp dette holet i tropehagen. (Foto: KVB)
Først skulle den 55 m lange utriggeren vekk. (Foto: KVB)
Først skulle den 55 m lange utriggeren vekk. (Foto: KVB)
Her blir den lagt på bakken for vidare demontering. (Privat foto)
Her blir den lagt på bakken for vidare demontering. (Privat foto)
Så var det ut med litt motvekt. (Foto: KVB)
Så var det ut med litt motvekt. (Foto: KVB)
Kranførar med kvilepuls. (Foto: KVB)
Kranførar med kvilepuls. (Foto: KVB)
Kranen har stått sidan august. (Foto: KVB)
Kranen har stått sidan august. (Foto: KVB)
Runar Andvik (t.v.) og Even Andvik, to av tre klatrarar frå Romarheim. (Foto: KVB)
Runar Andvik (t.v.) og Even Andvik, to av tre klatrarar frå Romarheim. (Foto: KVB)
Med slegge over glastaket! (Foto: KVB)
Med slegge over glastaket! (Foto: KVB)
Så kunne hytta og stamma løftast vekk. (Foto: KVB)
Så kunne hytta og stamma løftast vekk. (Foto: KVB)
1 av 9

– Den har gjort mykje nytte for seg, men no er vi nesten ferdig med monteringa av glastaket i tropehagen, så då måtte den vekk, seier Thomas Jordal.

Han er prosjektleiar hos Consto, som har totalentreprise på den cirka 9000 kvadratmeter store utvidinga av Luranetunet.

• Les òg: Kranselag på Luranetunet

I går kom semitrailarar for transport av alle lodda som blir brukt som motvekt, torsdag morgon blei den store kranen løfta vekk, del for del.

Åtte månadar med tunge løft

Kranen har Consto leigd av Romarheim AS. Den blei montert i starten av august og har vore brukt til å løfta på plass «heile bygget», frå forskaling og betong og dragarar og glastak.

Kranen er ein Terex med krokhøgde på 27 meter og utrigg på 55 meter. Kapasiteten på spisslast er på 2,9 tonn.

– Dei spurde om dei kunne få lov til å byrja på glastaket før kranen blei fjerna, og det var greit, så lenge vi fekk litt slingringsmonn til kranen skulle ut, seier avdelingsleiar for kran, Alf Terje Mortensen frå Romarheim AS.

Glastaker ligg over den 1300 kvm store tropehagen som er under bygging.

– Dei er så rutinerte dei vi har med oss, at så lenge det er lite vind går det fint å demontera og løfta vekk også på trange arbeidsplassar.

Romarheim leigde inn Nordic Crane med mobilkran til å få Terex opp og ut av nye Luranetunet.

97 rom ferdig før jul

Nybygga på Luranetunet består av to fløyar, den eine på tre etasjar, den andre på tre etasjar pluss kjellar.

Det er cirka 800 + 1200 kvadratmeter per plan på dei tre jamne etasjane. Til saman blir det 97 rom for sjuke og demente, og eitt for besøkande/pårørande.

I alt er bygningsmassen rundt 9000 kvadratmeter, tilsvarande 1/4 av «Lidlbygget».

Nybygga skal stå ferdig i slutten av 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.