Heftige rytmar i kyrkja
Sjå tre kor øva til Zangfest med The Brazz Brothers. – De må sleppa dykk laus, instruerer dirigent Marius Dale Romslo.
Søndag syng Os kammerkor, Tilslørte Bondpiker og Haukeland Songkor saman med The Brazz Brothers i Os kyrkje. Onsdag øvde dei tre kora på eit, for dei kanskje litt uvanleg repertoar.
– Det blir ei musikalsk happening med afrikansk sound, fortel Leif Ragnar Tveit frå Os kammerkor.
– Slepp dykk laus, ver endå meir spontane, oppmoda dirigent Marius Dale Romslo då dei tre kora starta øvinga onsdag.
– Den største jazzmusikaren i Sør-Afrika
The Brazz Brothers kjem til Os med sjølvskrevne korarrangement på Sør-Afrikanske melodiar skrivne av komponist og pianist Abdullah Ibrahim. Geirr Lystrup har skrive norske tekstar til musikken.
– Vi har i mange år beundra musikken til Ibrahim.
– Etter mange turnéar og reiser i Afrika fall vi med ein gong for hans rytmiske og stemningsfulle komposisjonar som har røter i den vestlege kunstmusikken, men gjev klare assosiasjonar til den afrikanske kulturen.
– Ikkje minst den spontane afrikanske fleirstemte songen. Det slo oss tidleg at desse melodiane måtte vera flotte å synga, seier Jarle Førde i The Brazz Brothers.
The Brazz Brothers består av to brødrepar på messinginstrument. Jarle Førde speler trompet og flygelhorn. Det gjer òg Jan Magne Førde. Helge Førde speler trombone. Runar Tafjord speler waldhorn og Stein Erik Tafjord håndterer tubaen. Ein annan sunnmøring, Kenneth Ekornes, kommanderer over trommene. Bandet har heldt det gåande i imponerande 33 år.
Første opptreden
To av kora, Os kammerkor og Haukeland Songlag, har lang fartstid på scena. Annleis er det for Tilslørte Bondepiker.
– Dette er eit heilt nytt kor, som har si aller første opptreden på sundag, fortel Tveit.
Koret blei stifta vinteren 2014 av 12 songglade damer med lang erfaring fra ulike kor i Os og Bergen. Ideen om eit nytt ensemble oppsto fordi alle hadde god lyst til å prøva å synga i ei mindre gruppe, men knapt rasjonert fritid.
Løysinga blei intense songøvingar annakvar veke, under kyndig leiing av dirigent Kristine Bjånes. Repertoaret er variert, med vekt på lettare underhaldningsmusikk.
Video, 1:38: Sjå og høyr dei tre kora øva på songen «Solbærsyltetøy».