Sport | 10. aug. 2017

Heggø blir spelande trenar

Strekspelar Alexander Heggø tek over som trenar for handballherrene til Os.

Heggø blir spelande trenar
Alexander Heggø blir spelande trenar for Osherrane kommande sesong (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 10. aug. 2017 10:53

Alexander Heggø, som kom til Os i forrige sesong, tek over etter Kenneth Husebø som trenar for handballherrene.

– Det blir veldig kjekt. Eg har hatt lyst på å prøve meg som trenar lenge og no får eg ein god moglegheit med Os, seier Heggø som også blir å sjå på banen som strekspelar.

Brei spelarerfaring

Det han manglar av trenarerfaring tek han igjen med erfaring frå spelebanen.

– Eg var rett nok trenar for eit jentelag i Kristiansund då eg spelte der for nokre år sidan, men utover det er det mest som spelar eg har erfaringa.

Heggø har spelt både eliteserie og førstedivisjon for blant anna Sandefjord (i eliten), Nornen, Viking, Bjørnar og Kristiansund.

– Fram til eg var 18-19 hadde eg far min som trenar. Etter det har det nesten vore ein ny trenar for kvart år. I Sandefjord hadde eg til dømes tidlegare landslagstrenar Gunnar Pettersen, ellers har det vore både islandske og norske trenarar opp igjennom, seier Heggø.

Meir kollektivt

Med unntak av Arne Veim Haugland og Jørgen Wold held dei andre fram på laget.

– Arne var jo ein storskårar og skåra 10-12 mål i kvar kamp. Eg vil nok legga opp til eit meir kollektivt spel no når dei to har gitt seg.

– Styret har sagt at dei ønskjer seg eit generasjonsskifte på sikt. Vi har fleire osingar rundt 20 år, som kjem til å få meir speletid i år enn dei har tidlegare. Det vil nok óg kome spelarar opp frå G16-laget, fortel den nye trenaren.

Opnar mot Åsane

Første seriekamp for Osherrane i 3. divisjon blir borte mot Åsane måndag 25. september.

– Det blir veldig spennande. Vi starter oppkøyringa med fellestreningane på måndag, avslutter Alexander Heggø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.