Kultur | 15. juli 2009

- Heia Søfteland!

Fleire lokale band er klare for Rock 'n' LoL 2009, og rockeveteran Kjetil Grønvigh ser fram til å endeleg stå på scenen på Søfteland.

- Heia Søfteland!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juli 2009 21:53

Bildeserie:

1 av 6

- Det søftelendingane skapar med denne festivalen er heilt i vår ånd, seier Kjetil Grønvigh frå Os Rock City.

- Vi har eit glimrande samarbeid med festivalarrangørane, og ser fram til å sjå både Karin Park og svenske Djuret saman med lokale rockarar, både nye og meir rutinerte, seier Grønvigh.

Den første festivalen, som var i hagen til Lindborg-brørne, visste ikkje Kjetil om før den var over. Den andre festivalen fekk han med seg som publikum, og då sette den erfarne trommisen seg som mål å stå på scenen under ein seinare festival på garden til Olav Valle.

- Og slik blei det allereie i år. Sidan i haust har eg øvd med nytt band, og laurdag er vi i Majestic Solitude klare med 6-7 låtar få har høyrt før.

Majestetisk einsemd
Kjetil seier han lenge har hatt sans for osingen Jon Hægland sin musikk, og då vegane deira igjen kryssa kvarandre i fjor, spurde Kjetil om han kunne få setja musikk til musikken til Jon.

- Jon fann den bortkomne moldensaren Brynjar Vik i Bergen, så med mine trommer, Jon sin gitar og Brynjar sin bass så fekk eg endeleg bruka uttrykket Majestic Solitude (som betyr noko slikt som "majestetisk einsemd"), fortel Grønvigh.

Uttrykket høyrde han på eit National Geographic-program, då ein brite skulle beskriva eit måleri. "Dette skal eg bruka ein dag", tenkte Kjetil, og noterte det i almanakken. Uttrykket blei namnet på det nye bandet.

- Eg engasjerte meg ei stund i litt for mykje, og blei heilt utbrent i vinter. Eg er framleis sjukmeldt, det å fungera litt igjen skal bli godt, seier trommespelaren.

Neoplasma på plass
Dei unge, talentfulle gutane i Neoplasma opnar årets festival. Dei har nyleg vore i Trondheim å deltatt i UKM. Der hamna dei på fjerdeplass.

- Samstundes som vi har fleire kjente namn på programmet, skal Søfteland vera plassen for å høyra komande rockeband live, seier Andreas Lindborg.

Neoplasma består av Patrick Gaassand (vokal), Martin Aarland (gitar), Ivan Rolstad (bass) og Michael Hansen (trommer).

Det andre bandet er dei ikkje fullt så unge og heller ikkje fullt så talentfulle, men ekstra tøffe gutane i Bone Shakers. Dei er festivalsjefen sitt favorittband, og når gutane fekk fri frå kong Harald er det duka for rock ’n’ roll frå denne gjengen.

I tillegg vil også bandet Liktorn venda tilbake til Rock ’n’ LOL. Etter den legendariske framsyninga på Rock ’n’ LOL 2007 har det vore stille rundt bandet. Men no, to år seinare, entrar dei scena nok ein gong! Dei har denne gongen fått med ”Øyvind Ankar” på bass og lagd elleville, mørke låtar.

- Dei er framleis like skumle som før, lovar Lindborg!

Opnar kæmpen
Scenen er rigga, og får veggane på plass torsdag. "drus kæmp" er rydda, og større og finare enn før.

- Då vi fekk slått og tatt vekk rekve blei det heilt strøkent, om eg må seia det sjølv. Denne opnar vi allerei torsdag, så folk kan koma seg på plass med telt i god tid.

Billettsalet er også godt i gong.

- Betre enn i fjor på denne tida, sjølv om vi berre sel på nett og på Joker-butikken på Søfteland. Dei fleste har nok planar om å kjøpa i det dei kjem på festivalen, men vil dei stå minst mogleg i kø bør dei handla i forkant, anbefalar arrangørane.

Program Rock 'n' LoL 2009:

Fredag 17. Juli:
14.00 - Festivalområdet opnar
15.00 - Musikk med DJ Fusa
18.30 - Neoplasma
19.30 - Liktorn
20.00 - Lars Vaular
21.00 - Manheads
22.00 - Kvelertak
23.00 - Ungdomskulen
00.00 - John Olav Nilsen & Gjengen

Laurdag 18. Juli:
14.00 - Festivalområdet opnar
15.00 - DJ Fusa
16.30 - Kristina Sørås
17.00 - Bone Shakers
17.30 - Majestic Solitude
18.30 - Blood Command
19.15 - Olav and his K-1 Chickendales
20.30 - Babe Rawlins
21.15 - Djuret
22.00 - Riff Raff
23.00 - Null$katte$nylterne
00.00 - Karin Park

Under bildeserien kan du sjå ein liten snutt med dei første som kom på plass på campen i fjor:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.