Heidra veteranane
8. mai vart Noregs frigjeringsdag markert i Minneparken.
For 67. året på rad minnast Noreg dei tapre heltane som ofra livet for landet sitt under 2. verdskrig. Sidan 2009 har ein i Os også nytta dagen til å heidra veteranar og soldatar som er eller har vore ute i fredsbevarande krigsarbeid.
I Os vart det tradisjonen tru ei minnemarkering i Minneparken, med taler, musikk og kransenedleggjing.
Aldri gløym
Opningstala vart heldt av ordfører Terje Søviknes som meiner at minnemarkeringa er viktig.
-Det er viktig å ikkje gløyma, og å heigna om friheita vår, sa Søviknes i tala si.
Etter at dei oppmøtte hadde sunge "Fedrelandsalmen" med god musikalsk støtte frå Os og Kuventræ skulekorps var det dagens hovudtalar politioverbetjent og kommunestyremedlem (TvS) Terje Sperrevik sin tur.
-Generasjonar etter 2. verdskrig har mykje å takka for, seier Sperrevik.
Han fortalde vidare at Os hadde ei stor og velorganisert Milorgavdeling, og at dei viste stor omsorg med fare for eige liv.
Både ordførar og Sperrevik kom inn på hendelsane 22. juli i fjor, då vi fekk eit lite innsyn i kva frykt ein hadde under krigstida.
-22. juli gav oss ei påminning om kor viktig tryggleik er, at vi står saman om gode verdiar, sa Sperrevik.
Yngre generasjon markerte
Klasse 9B frå Os ungdomskule var med på markeringa. Dei bidro med diktlesing og song songen "Til ungdommen".
Det var medlemmar frå speidarane i Os KFUM/KFUK som stod for kranseleggjinga på grava til blant anne seks ukjente sovjetiske fangar.
Kultursjef Lisbeth Axelsen la ned krans på bautasteinen over dei falne, medan Terje Sperrevik la ned krans på minnesmerket.
Kort om krigen i Os
Det er skrive mykje om hendingar i Os under krigen. Arnfinn Haga har blant anna skrive fleire bøker, og boka "Marie Østrems dagbok" gjev innblikk i forholda under krigen.
Frå sidene til Os folkebibliotek kan ein lesa om Osbygda under okkupasjonstida:
Os-bygda vart okkupert av tyskarane 9. april 1940. Klokka 15.00 denne dagen sto tyske soldatar oppstilte på Osøyro. Tyskarane frykta invasjon frå Storbritannia og gjekk raskt i gang med å setja opp skyts rundt om i bygda for å betra forsvaret av Bergens-området.
Etter kvart stod det både anti-luftskyts og kystartilleri på fleire stader i Os: på Haugsneset, i Røttingjo, i Mobergsvikjo, på Tøsdal og på Hetleflåten. Arbeidskrafta var sovjetiske krigsfangar.
Det tyske nærværet i Os var sterkt, med minst 800 tyskarar i ei bygd på om lag 4000 innbyggjarar. Då det i oktober 1942 kom meir enn 200 sovjetiske krigsfangar, var kring 20% av befolkninga i kommunen utlendingar knytte til tysk forsvarsverksemd.
Då Os vart okkupert, gjorde tyskarane Haugsneset til militært område. Fangebrakka på Haugsneset var om lag 20 meter lang og 12 meter brei og bygd for å husa 60-70 mann.
Sommaren 1944 vart dei fleste fangane overførte til Fjell, men i januar-februar 1945 kom det nye fangar til Os, denne gongen til Ulven leir, og i april 1945 var talet oppe i 620.
(Kjelde: Os folkebibliotek)