Kultur | 12. juli 2011

Heidrar Bergensbanen

Årets artistpresentasjon under Rock N LoL er òg ein heder til Bergensbanen. SJÅ VIDEOEN.

Heidrar Bergensbanen
Andris Hamretirsdag 12. juli 2011 07:06

NRK 2 sendte Hurtigruta minutt for minutt i fem døgn tidlegare i sommar etter same lest som dei sendte Bergensbanen minutt for minutt for nokre år sidan.

I etterkant av sendinga av Hurtigruta minutt for minutt på NRK2 har det dukka opp utallige parodiar der “vanlege folk” lagar sine eigne versjonar der dei filmar seg sjølv medan dei går på tur med hunden eller hentar posten, minutt for minutt.

- Er dette Rock`N`LoL sitt bidrag til denne bølga av parodiar?

- På ingen måte. Sjølv om nokon vil hevde at prosjektet kan minne om “Hurtigruten” på nokre område, og at filmen slik sett bli vurdert som ein parodi på denne, vil vi understreke at dette ikkje er tilfelle, slår Kjell Gunnar Knudsen kontant fast.

- Filmen er utelukkande ein hyllest til Bergensbanen, som vi i Rock`N`LoL meiner har vorte gløymd av folket i samband med den kollektive transen som nordmenn gjekk inn i, og framleis befinn seg i sidan Hurtigruta vart sendt på NRK2.

Presenterar artistane

Gjennom den 42 minutter lange filmen blir du med på Osbussen frå parkeringa ved bystasjonen via Danmarksplass, Nesttun, Valleheiane og Kaland fram til du stig av bussen ved festivalens næraste busstopp ved Søfteland skule.

Kvar av artistane som entrar scena på Valle fredag og laurdag blir presentert med ein tekstplakat med tilhøyrande lydspor.

SJÅ VIDEOEN HER

- I tillegg til å presentera artistane, ville vi visa korleis ta seg til Søfteland, forklarar Knudsen om bakgrunnen for prosjektet.

Frykta desperate mannfolk

I Hurtigruta minutt for minutt tok det av med korps i kvar ei hamn og frieri over ein lav sko.

- Frykta du tilsvarande tilstander på bussen frå byen?

- Ei fråstøtande uvane er i emning i folket. Trangen blant mannfolk til å fri på den i utgangspunktet utradisjonelle måten, ser ut til å ha spredt seg lik eit ekkelt virus som har infisert alle giftekåte mannfolk, og slik utvikla seg til det normale etter “Hurtigruta”.

- For det skjedde noko med oss som menneske under “Hurtigruten” på TV. Eller kanskje var det berre mannfolka, eg veit ikkje. Kvinnfolka ser ikkje ut til å ha den same tiltrekninga mot offentlig audmjuking.

- Sjølv om filminga involverte mange i samarbeidet med Tide Buss og Varde Film & Media klarte vi å halde ho såpass hemmeleg at vi unngjekk slike pinelige episodar, pustar Knudsen letta ut.

- I tillegg tok eg ein ordentlig prat før bussturen starta med kvar og ein av passasjerane, og gjorde det klart at eg ikkje ville ha noko spontane frieri på film under reisa, avsluttar filmskaparen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.