Lokal | 07. mai 2015

Heidrar veteranane

Arild Birkeland på Café Flåten inviterer veteranar til samvær og gratis mat på frigjerings- og veterandagen 8. mai.

Heidrar veteranane
Arild Birkeland på Café Flåten inviterer veteranar til treff og gratis mat på frigjerings- og veterandagen 8. mai (foto: Amfi Os)
Andris Hamretorsdag 07. mai 2015 09:05

Bildeserie:

Vél 40 veteranar var innom i fjor, her er nokre av dei (foto: Amfi Os)
Vél 40 veteranar var innom i fjor, her er nokre av dei (foto: Amfi Os)
1 av 1
Vél 40 veteranar var innom i fjor, her er nokre av dei (foto: Amfi Os)

I fjor var første gong eigar Arild Birkeland på Café Flåten inviterte veteranar frå internasjonale oppdrag til samvær og eit gratis måltid på kafeen.

– Det kom vél 40 veteranar innom i fjor, og vi fekk mykje merksemd, både i Noreg, Sverige og Danmark på at vi gjorde dette.

– Vi gjer ikkje dette for å promotera kafeen, men for å gje veteranane ein heider for den innsatsen dei har lagt ned.

– Dette er ein stor tradisjon i til dømes England, USA og andre land rundt i verda.

– Der er dei mykje meir opptekne av å gje dei som har vore ute i teneste for landet sitt ei merksemd og heider også etter at dei har kome heim. I Noreg er vi veldig dårlege på det. Her er det takk skal du ha, no får du klara deg sjølv, fortel Birkeland, som sjølv har tenestegjort i Libanon.

Kameratskap og samhold

Birkeland fortel om at veteranane kan koma innom når som helst i løpet av dagen.

– Vi har ikkje satt ei fast tid eller noko, men vil dekka til eit eige bord for veteranane.

– Kva operasjonar ein har vore med i speler ingen rolle. I fjor hadde vi mellomanna folk som var med i Tysklandsbrigaden, Libanon og Afghanistan innom.

– Det som var så kjekt å sjå var 80-åringen frå Tysklandsbrigaden som sat og prata med tre karar i 20-åra som hadde vore i Afghanistan. Det samholdet og kameratskapet dei viste, sjølv om dei hadde vore ute i heilt forskjellige operasjonar og på forskjellige tider var godt å sjå.

– Eg veit at det i år kjem ein gjeng frå byen etter at markeringa på Kronstad hovedgård er ferdig. Eg håpar jo òg at mange vil ta turen før eller etter markeringa i minneparken og arrangementet på Statsraad Lehmkuhl, avsluttar Arild Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.