Heile 70 barn på friidrettens dag

Friidrettens dag som blei arrangert på Kuventræ laurdag blei ein sukess. Heile 70 barn mellom 6 og 12 år deltok.

Nokre av deltakarane på friidrettens dag laurdag (foto: Sverre Mowinckel-Nilsen, Os Turn Friidrett)
Andris Hamretirsdag 31. mai 2016 12:33

Bildeserie:

Alle fekk gullmedalje (foto: Sverre Mowinckel-Nilsen, Os Turn Friidrett)
Utøvarane fekk mellomanna testa liten ball (foto: Sverre Mowinckel-Nilsen, Os Turn Friidrett)
og 60 meter med startpistol og proft tidtakarsystem (foto: Sverre Mowinckel-Nilsen, Os Turn Friidrett)
Alle fekk gullmedalje (foto: Sverre Mowinckel-Nilsen, Os Turn Friidrett)
Utøvarane fekk mellomanna testa liten ball (foto: Sverre Mowinckel-Nilsen, Os Turn Friidrett)
1 av 3
Utøvarane fekk mellomanna testa liten ball (foto: Sverre Mowinckel-Nilsen, Os Turn Friidrett)
og 60 meter med startpistol og proft tidtakarsystem  (foto: Sverre Mowinckel-Nilsen, Os Turn Friidrett)
Alle fekk gullmedalje  (foto: Sverre Mowinckel-Nilsen, Os Turn Friidrett)

For første gong arrangerte friidrettsgruppa i Os Turn friidrettens dag laurdag. Arrangementet var ope for alle i alderen 6-12 år som hadde lyst å prøve ei eller fleire øvelsar.

Dagen følgde opplegget som Noregs Friidrettsforbund har utarbeidd.

– Vi var veldig usikre på kor mange som ville dukke opp, men det viste seg at dette tydelegvis var eit populært tiltak. Heile 70 barn i alderen 6-12 år var innom på Kuventræ laurdag, fortel leiar i friidrettsgruppa Sverre Mowinckel-Nilsen.

Øvelsane dei fekk testa var 60 meter, høgde, kule, lengde og liten ball.

Mange talent

Samtlege deltakarar fekk gullmedalje for gode prestasjoner.

– Vi såg ei rekke talentfulle barn i aksjon. Både i kast-, hopp- og løpsøvelsane var det ei rekkje barn som oppnådde svært gode resultat. Vi kan faktisk kalle dei svært talentfulle.

– Tilbakemeldingane frå både foreldre og utøvarar var utdelt positive, fortel Mowinckel-Nilsen.

Friidrettsskule i sommarferien

Både utøvarar og trenarar frå friidrettsgruppa stilte som veileiarar og tilretteleggarar på dagen. På 60 meteren hadde arrangørane rigga det skikkeleg til, slik at utøvarane fekk oppleva å starta på skotet frå startpistolen og å få målt tida nøyaktig med tidtakersystemet.

– Det neste no er at vi i veke 25 inviterer til friidrettskule som eit alternativ til alle fotballskulene. Informasjon om dette blei delt ut til foreldra under arrangementet.

– Vi håper sjølvsagt at alle ungane hadde ein god oppleving på Kuventræ og at vi ser så mange som mogleg av dei igjen som medlemmar av friidrettsgruppa, avslutter friidrettsleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.