Sport | 01. feb. 2017

– Heilt rått!

Veteranar og ungjenter sto fram då Os slo Gneist onsdag kveld. – Dette var gøy, stråler Ostrenaren.

– Heilt rått!
Elise Hjelle, Thiet Dang, Bente Mjanger og Vibeke Ingebrigtsen var toneangivande i kampen mot Gneist (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 01. feb. 2017 21:31

Os tok imot Gneist til oppgjer i kvinnene sin 2. divisjon onsdag kveld. Etter ein gnistrande kamp mot serietoar Stord sist søndag var det mange som trudde det skulle bli ein enkel match mot Gneist på 6. plass. Det blei det ikkje.

Kampen startar svakt frå Osjentene si side. Etter 9.35 er Gneist oppe i 2-6 og trenar Trond Førde Eriksen ser seg nøydd til å ta ein prat med jentene.

– Dei første ti minutta er slappe og dårlege frå oss. Timeouten vi tar hjelper og etter det tykkjer eg vi speler ein god kamp, oppsummerer Førde Eriksen etter kampen.

Os - Gneist 24-18 (11-10)
Utv: Os 2x2 min, Gneist 1x2 min.
Os sitt lag: Gry Merete Nummedal, Tonje Hjertnes Rykkel 1, Emilie Halhjem 2, Hilde Kristine Røttingen, Line Hjelle Berentsen 3, Vibeke Ingebrigtsen 2, Elise Hjelle 5, Bente Mjanger 3, Liv Pauline Lunde, Thiet Dang 4, Tiril Grønvigh, Mia Torp Nielsen 4.

Vibeke redda og skåra

Med berre eitt mål leiing etter ein heller treg omgang frå begge lag, trakka Os meir på gassen etter pause.

Bakerst sto keeper Vibeke Ingebrigtsen som ein levande vegg, og utnytta det at Gneist tok ut keeperen for å spele 7 mot 6 ved å skåra to (!) mål frå eigen målgard.

Framover på banen herja Elise Hjelle saman med ungjentene Thiet Dang, Bente Mjanger og Mia Torp Nielsen.

– Vi får satt eit fantastisk forsvar og Vibeke er veggen. Eg veit ikkje kor mange skot ho til slutt redda, men frå ving stengte ho jo heilt buret. Keeperen til Gneist var òg god, men eg trur Vibeke var hakket vassare i dag.

– Framover på banen må eg få trekka fram Bente Mjanger som fylte 18 søndag. Ho har verkeleg stått fram og tatt skotansvar etter at ho måtte steppe inn for Hilde Kristine Røttingen som har slitt med skade. Bente har utvikla seg til å bli ein god tovegsspelar. At ho er god i forsvar visste vi, men no byrjer ho verkeleg å få sving på sakene framover på banen òg, skryt Førde Eriksen.

Vann begge undertala

Eit bilete på det gode forsvaret såg dei omlag 60 på tribunen dei to gangene Os fekk ein spelar utvist og var i undertal. Begge periodene vann Os, henhaldsvis 3-1 og 2-0.

– Dette var rett og slett sjukt, heilt rått og utruleg gøy. No er vi med heilt der oppe. Eg hadde trudd kampen i dag skulle bli tøffare enn det den blei, avsluttar Førde Eriksen.

Os ligg på 3. plass med like mange poeng som Stord, men med to kampar meire spelt.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.