Næringsliv | 15. jan. 2010

Heilt til påske?

Jula i Os blei ikkje berre kvit, den blei lang.

Heilt til påske?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. jan. 2010 10:22

Stort snøfall 18. desember skapte ekstra god julestemning i Os. Snøen ligg framleis, men no byrjar det vel å bli på tide å fjerna julepynten?

- Det var rett og slett for kaldt til å ha dugnad då vi eigentleg skulle ta pynten ned igjen, men vi skal pakka saman jula no i helga, seier leiar for Os Sentrumsforeining, Renate Iversen Sundberg.

Nokon ryddar ut jula 13. dag jul, nokon gjer som i gamledagar, ventar til 20. dag jul. Neste år kan det likevel bli lysdekor i sentrum ut mars.

- Vi har hatt mørketidsbelysning, slik dei har i blant anna Trondheim, oppe i styret. Då kan det bli lys frå november til mars. Det er noko vi kjem til å jobba vidare med før neste vinter, fortel Renate.

Juletreet er det Os kommune som skal fjerna, men først må sentrumsforeininga fjerna lysa som heng på. Også desse lysa håpar Sundberg på å få tatt ned i helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.