– Heilt uakseptabelt!
Han hadde med seg ungar i barnehagealder, familiefaren som måndag fann ei full sprøyte i Mobergsvikjo.
Måndag ettermiddag var han i Vikjo med familien for å grilla og kosa seg i finvêret.
I 18-tida, medan dei pakka saman, fann dei ei sprøyte mellom steinane.
– Den såg ut til å vera full av narkotika og klar til bruk.
Mannen tømte innhaldet ut og øydela sprøyta før han kasta den.
– Dette er heilt uakseptabelt. Dei som bruker dette må ta betre vare på sprøyta og forstå at dette er noko som kan vera farleg for andre.
– Eg kan forstå at det er greit å finna seg ein mørk plass, og Mobergsvikjo burde kanskje hatt lys. Men uansett er det veldig dårleg gjort å slenga slike ting frå seg på plassar der alle veit at det ofte er mange ungar som ferdast.