Sport | 09. okt. 2009

Heime eller borte?

Oppsettet for kvalifiseringkampane er no bestemt.

Heime eller borte?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. okt. 2009 14:03

Vinnarane av avdeling 14 og 15 skal spela to kampar mot kvarandre for å avgjera kva lag som rykker opp til 2. divisjon. Vinnaren blir også krinsmeister i 3. divisjon i 2009.

Os har som kjent vunne avdeling 15 for ei god stund sidan. I avdeling 14 leiar Austevoll så vidt over Brann 2 når to kampar står igjen.

Hordaland Fotballkrets har no trukke kven som byrjar med heimekamp, og kor tid kampane skal spelast.

Os startar uansett med bortekamp.

Dersom Austevoll vinn avdeling 14;
Laurdag 24. oktober, Austevoll - Os, kl 14.30 på Austevoll kunstgras
Laurdag 31. oktober, Os - Austevoll, kl 15.00 på Kuventræ gras

Dersom Brann 2 vinn avdeling 14;
Måndag 26. oktober, Brann 2 - Os, kl 19.00 på Brann Stadion
Laurdag 31. oktober, Os - Brann 2, kl 15.00 på Kuventræ gras

- Dette er eg veldig nøgd med. Å avslutta på heimebane ser eg på som ein stor fordel, seier Os-trenar Frank Hellevik.

- På heimebane er vi bunnsolide, og det å ha eit borteresultat å forholda seg til før alt skal avgjerast er bra. Publikumsmessig, og det at vi har kort veg til klubbhuset etter at alt er over, gjer at det er duka for ein flott dag på Kuventræ laurdag 31. oktober.

Om det blir uavgjort samanlagt etter ordinær tid i 2. kamp, blir sigeren avgjort i tråd med NFFs kampreglements § 5-4 (3);

3) Når det ved kvalifisering eller sluttspill mellom to lag spilles borte og hjemme og de to lagene til sammen har scoret samme antall mål, skal laget som har scoret flest mål på bortebane regnes som
vinner. Har lagene scoret like mange mål på bortebane, spilles det i alle klasser fra gutt/jente og oppover ekstraomganger.
Scorer lagene samme antall mål i ekstraomgangene, skal bortelagets mål telle dobbelt. Blir det ikke scoret mål i ekstraomgangene, avgjøres kampen ved straffesparkkonkurranse.
Når kampene blir offisielt berammet får involverte klubber informasjon på ordinær måte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.