Den smalaste delen av Byvegen var ved avkøyrsla til Idrettsvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Den smalaste delen av Byvegen var ved avkøyrsla til Idrettsvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Heimelaga nybygg segla ned Byvegen

Skilt måtte snuast og rundkøyringane blei tatt i klokkeretning då denne arbeidsbåten skulle sjøsetjast i natt.

Kjetil Vasby Bruarøy
20. mai 2016 - 14:39

Rett før midnatt torsdag kveld starta den svært breie transporten frå «verftet» i Industrivegen til sjøsetjing frå Os kai natt til fredag.

Politiet var hyra inn og stoppa trafikken ved vanskelege punkt, det smalaste viste seg å vera fotgjengarfeltet ved avkøyrsla til Idrettsvegen, der eit skilt måtte snuast for å få passasje.

Etter litt venting ved Jordmorsvingen, så ferjetrafikken fekk passera, kunne turen gå klokkeretninga rundt Undino og ut til Os kai for sjøsetjing utan dåp eller anna form for seremoni.

– Vi har bygd han sjølv

Eigar, og båtbyggar, er Os Kaiservice AS.

– Oppdragsmengda har auka veldig og vi trengte ein båt til, men det var lite å finna i bruktmarknaden, i alle fall til ein fornuftig pris, seier Jarle Øvreeide.

Han ville ha ein litt mindre og mykje raskare båt enn den selskapet har frå før, og fekk tak i eit aluminiumsskrog på Askøy.

– Dette har vore brukt til skjelplukking og var utan baug, så vi har bygd den opp på nytt med både baug og styrehus.

Båten er bygd på området der Os Kaiservice sidan i fjor haust har kappa naturstein.

Les òg: Lager butikk av ubrukeleg stein

Håper på 20 knop

Os Kaiservice AS går mot dobling av omsetnaden frå nesten 11 millionar kroner i 2015.

– Heldigvis er det god tilgang på flinke folk i arbeidsmarknaden for tida.

– Båten vi har frå før er god, men med 7 knop går det litt seint til og frå oppdrag.

I båten som blei sjøsett i natt, katamaranen «Bragd 2», står det 2 x 480 hk Yanmar med vassjetsystem frå Hamilton, som måndag kjem for å programmera styringssystemet.

Gamlebåten er 15 meter lang, den nye er 12,3 meter lang og 5,5 meter brei.

– Vi har fått ein mindre og raskare båt, med mindre kran, og håper at den kjem til å gå i opp mot 20 knop, seier Øvreeide, som gler seg til å prøva katamaranen.

«Bragd 2» skal rett i drift, Os Kaiservice skal til å byrja på seks kaiar, fleire av dei med naturstein frå anlegget i Industrivegen.

Les òg: Brutal båtsatsing i Øyane