Heine Totland «kidnappa» på Søfteland
Varma opp før Oseana med å koka og spela for gjestane på Er-An Veikro.
Laurdag kveld spelte Gisle Børge Styve og Heine Totland i Oseana.
Før konserten blei Heine henta av Dag Andersen og køyrd rett til Røykenes for å koka hummarsuppe og spela for gjestane på Er-An Veikro.
– Eg kjenner Heine frå før. Han har spelt både her på restauranten og på den private festivalen vår, Farmen. Han er ein knakande kjekk og flink fyr, og er ofte innom her på veg til og frå konsertar, fortel Linda Andersen frå Er-An Veikro.
Hamna i kjøkkenteneste
– Vi var omtrent fullbooka frå før, så eg våga ikkje å annonsera at vi kom til å kidnappa han. Heine fekk prøva å laga hummarsuppe til gjestane. Vi har nyleg lansert ein trerettars meny, med hummarsuppe, indrefilét og heimelaga panna cotta.
– Denne har slått godt an, ikkje minst då gjestane fekk sjå kven som var kokken vår denne ettermiddagen.
Som mange veit kan Heine meir enn å spela. Han stakk av med sigeren i TV-programmet «MasterChef» og har gjeve ut boka «Mat og musikk».
På Røykenes fekk han testa ut begge delar. Korleis det gjekk ser du i videoen over.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.