Kultur | 17. feb. 2014

Held dampen oppe

Video: Helge Jordal feira 68-årsdagen med allsong på seniortreff i Oseana.

Andris Hamremåndag 17. feb. 2014 14:16

Helge Jordal, saman med Harald Dahlstrøm på flygel, var det kulturelle innslaget då det første seniortreffet blei arrangert på Oseana måndag.

Lite visste den folkekjære artisten at medartist Harald Dahlstrøm og Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg hadde planlagt bursdagsfeiring for den spreke 68-åringen.

Etter ein seanse kor Jordal inviterte dei om lag 350 tilskodarane til allsong, blei han sjølv hylla med bursdagssong frå publikum (sjå video nedst i artikkelen).

Bellmann, Vreeswijk og Medaas

Jordal hadde sett saman ein mangfaldig musikalsk time kor han hylla det han kalla grunnsteinane i nordisk kultur og musikk - Carl Michael Bellmann og Cornelius Vreeswijk, godt ispedd små anektodter og historiar.

At Jordal har eit brennande engasjement for Noreg som sjøfartsnasjon kom til uttrykk då han nytta høvet til å hylla dei som har vore til sjøs, og då han inviterte til allsong med Ivar Medaas sin hyllest til fjordbåtane "Dar kjem dampen" og utdrag frå kabareten "Uteseilerne".

Offentleg urpremiere

Også Logen i Bergen fekk sin hyllest frå entertainereren då han framførde Jan Eggum sin "Byens egen melodi", skriven til Jordal i eit plateprosjekt for å reisa middel til kulturscenen midt i Bergen sentrum.

– Eg har øvd ein gong med husorkesteret på Logen "Voksne herrers orkester" som har 10-årsjubileum i dag, så dette blir ein offentleg urpremiere på sangen, innleia Jordal om hyllesten til Bergen.

Video, 1:01: Helge Jordal blei hylla med bursdagssong i Oseana (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.