Lokal | 26. nov. 2019

Held eit ekstra auge med Nore Neset

Bekymra mor filma bil som sladda gjennom rundkøyringa.

Held eit ekstra auge med Nore Neset
Politiet har halde auke med køyremønsteret på Skeie ei stund, likevel kjem det framleis inn klager. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. nov. 2019 08:39

Måndag fekk politiet melding om uaktsam køyring i Skeismyra.

– Ho hadde filma ein Audi som sladda gjennom rundkøyringa, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Rundkøyringa ligg ved barneskule, barnehage, ungdomsskule og idrettsanlegg.

Kvinna fortel om fleire tilfelle av uaktsam køyring i området, og er uroa for at det skal bli endå verre når det blir vinterføre. Politiet har også fått klager frå området fleire gongar før.

– Når vi er på patrulje er Nore Neset ofte del av ruta. Vi har òg gjort førarkortbeslag for uaktsam køyring. No skal vi ut på ein forebyggande kampanje, og snakka med elevane om refleksbruk. Men vi vil halda fram med å følgja med i området.

Røykutvikling i vogntog

Klokka 11.40 måndag fekk brannvesenet melding frå ein vogntogsjåfør. Han fortalte om røykutvikling frå hengaren sin.

– Brannvesenet kontakta oss, og vi rykte ut i lag. Då hadde vogntoget stoppa på kontrollflaten ved Hjellemarka.

Det viste seg at årsaka til røykutviklinga var feil på bremsane på hengaren. Hengaren blei ståande igjen, med løfte om at transportfirmaet ville ta ansvar for å få den fjerna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.