Lokal | 25. okt. 2020

Held foredrag på ny næringskonferanse

15 foredragshaldarar fordelt på 3 dagar.

Held foredrag på ny næringskonferanse
Øvst f.v.: Espen Aspenes, Aina Tjosås, Linda Andersen og Øyvind Magnussen er blant foredragshaldarane under «Næringsrom». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/ABO)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. okt. 2020 14:28

Tysdag 10. november startar «Næringsrom», ein ny konferanse som er resultat av nytt samarbeid mellom Fjordfolk og Nuen.

– No blir det godt å få arrangera igjen, seier Christoffer Kobbeltvedt frå Fjordfolk.

– Det blei jo ikkje noko Bjørnafjordkonferanse i åe, men no har vi laga ein annan arena for næringslivet å få påfyll og å møta kvarandre.

Eventbyrået har gått i samarbeid med Nuen, som nyleg opna møbel- og interiørbutikk i Os Næringspark.

Nuen er vertsskap for arrangementet, som har berre 50 plassar per dag.

– Vi selte dei første billettane torsdag kveld, rett etter vi la ut arrangementet, og håper på fullt hus alle tre dagar.

Inspirasjon og debatt

Næringsrom går tre dagar på rad, kvar av dei med ulike tema og foredragshaldarar. Næringskonsulent Jon Sivert Rykkel i Bjørnafjorden kommune er engasjert som debattleiar.

På tampen av siste dag er det òg utdeling av Fjordfondet ved Bjørnafjorden Næringsråd og Sparebanken Vest.

Dag for dag, tema og foredragshaldarar:

10. november - BYGDEBLOMSTRING
– Korleis blir framtidas samfunn utvikla, korleis laga eit attraktivt bygdesentrum?
Aina Tjosås - ABO Plan & Arkitektur
Audun Hammersland - Asplan Viak (Sentrumsplanen)
Jannicke Ane Søraas Sem-Onarheim - plansjef Bjørnafjorden Kommune
Espen Aspenes - Os Næringspark
Jon Sivert Rykkel - Næringskonsulent Bjørnafjorden Kommune (Debattleder)

11. november - UTENFOR BOKSEN
– Skogen dekker Noreg som aldri før og trebygg blir framstilt som ein nøkkel i klimautfordringene. Kvifor blir ikkje norsk skog meir brukt?
Ida Wressel - Vill Arkitektur (Barking Up The Right Tree)
Ole Herbrand Kleppe - BOB Eiendomsutvikling (Trenezia)
Dirk Kohlmann - Fagdirektør Fylkesmannen - Skog, tre og grønne verdier
Signe Mossinge - ABO Plan & Arkitektur

12. november - ANDRE BOLLAR
– Presentasjon av spennande nysatsingar i Bjørnafjorden kommune.
– Debatt om kva som skal til for å gå nye vegar
Sondre Eide - Eide Fjordbruk
Øyvind Magnussen - INKA
Daniel Skotheim - FONN
Linda Andersen - ER-AN Veikro
Bjørn Haukedal - Sparebanken Vest
Tim Genge - Innovasjon Norge

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.