Sport | 29. nov. 2016

Held fram med å plukka poeng

3-2 siger over Askøy gav to nye poeng til Søre Neset sine volleyballdamer.

Held fram med å plukka poeng
Søre Neset er i god flyt og plukka to nye poeng då dei møtte Askøy på bortebane måndag (Arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 29. nov. 2016 09:48

Søre Neset reiste måndag kveld til Askøy for ein ny bortekamp.

– Dette var ein kamp vi på førehand samenlikna med Stordkampen. Askøy er, som Stord, eit lag som jobbar knallhardt og som nekter å gje seg. Dei er òg ein rutinert gjeng med spelarar, fortel assistenttrenar Morten Asphaug på laget si facebookside.

Askøy-Søre Neset 2-3
(19-25. 25-22. 14-25. 25-19. 9-15)

Søre Neset reiste til Askøy med tru på siger og håp om tre poeng med 3-0 eller 3-1 siger etter at poengsystemet før denne sesongen blei lagt om, slik at 3-2 siger "berre" gir to poeng, og eitt til det tapande lag.

– Det viktigaste var at vi vann og fekk med oss sigeren heim, men samstundes er det litt skuffande at vi roter bort det siste poenget på slurvete forsvarsspel, rapporterer Aspahug.

1. settet var jamnt, men Søre Neset hadde likevel god kontroll.
– Vi hadde lagt ein god plan på førehånd som var vellykka, og vi vinn 25-19.

2. settet er jamnt til det står 18-18 på poengtavla, men så roter Søre Neset det til for seg sjølv.
– Vi heng ikkje med på dei lange ballane og mister settet til 22-25.

3. settet blir Søre Neset sitt.
– Her var vi einige om at vi skulle gire opp igjen. Det gjer vi og vi leiar heile 20-8. Settet endar med siger, 25-14.

4. settet blir på mange måter eit mareritt for gjestene frå Søre Neset.
– Eg skjønner ikkje heilt kva som skjer. Vi startar svakt og ligg under 2-5, men snur det til 9-7. Så går alt i svart. Vi misser i angrep, vi misser i forsvar, vi sluttar å kommunisera. Alt slutter rett og slett å stemme og vi taper settet 19-25.

5. settet er jamnt fram til sidebytte før Søre Neset festar grepet.
– Ved sidebytte fann vi ut at no ville vi heim og avslutter kampen godt med 15-9-siger i siste sett og to nye poeng, oppsummerer Asphaug.

Neste kamp går heime i Nore Neset hallen mot Stord 12. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.